Vinnarskallen frå Mork

Neste fredag vert Tippeligaen sparka i gang, med Molde mot Vålerenga. I september skal herrelandslaget i fotball ut i EM-kvalik. I hovudrolla på det heile; ein vinnarskalle frå Volda.

Publisert: Publisert:

Ørjan Nyland glisar breitt om dagen, og ser fram mot serieopninga mot Vålerenga. Foto: Martin Rokstad Brøste

  • Martin R. Brøste
  • Vebjørn S. Bjørkås
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Dei siste par åra har vore ei eventyrleg reise for Ørjan Håskjold Nyland frå Volda. Frå nedrykkskamp i Adeccoligaen med Hødd, til to cupgull, bronse i U21-EM, fast plass på Tippeligalaget Molde, og no sannsynlegvis fast plass på Per-Mathias Høgmos nye landslag. Ørjan legg ikkje skjul på at det har gått veldig fort frå benkesliting i Hødd, til der han er i dag.

— Det er veldig mykje arbeid som ligg bak. Det har eg no fått belønning for. Det er klart det har gått fort, men samstundes har eg lært mykje og takla nivået bra på den stigen eg har klatra, seier voldingen beskjedent.

Me møter Ørjan Nyland i Molde. Laget har akkurat fullført ei treningsøkt, og heile stallen er samla i kafeen på Aker Stadion. Nokre av spelarane et lunsj, medan andre slappar av med kortspel. Sjølv sit Ørjan og skuar utover den grøne matta, kor han til dagleg voktar buret for Molde Fotballklubb. Det var også her han fikk sin A-landslagsdebut i fjor haust. Han fortel oss at han er i form før sesongen set i gang førstkommande fredag.

— Eg har aldri vore betre trent enn det eg er no. Eg er i veldig god rute til sesongstart, seier Nyland.

Vil ha fast plass på landslaget

For dryge to veker sidan spelte Ørjan Nyland sin tredje kamp med flagget på brystet, då Noreg klarte 2-2 borte mot Tsjekkia i ein privatlandskamp. På motsatt banehalvdel stod Chelsea-målvakt Petr Cech, ein mann som har vunne det aller meste på klubbnivå. Dei fleste ville nok no blitt nervøse over å møte ein av verdas beste keeperar. Vinnarskallen frå Mork brukte det som motivasjon, og gjekk sigrande ut av målvaktsduellen. No håpar voldingen på fast plass på landslaget, og fleire sjansar mot internasjonal motstand.

— Alle som blir teken ut på landslaget, har lyst å spele. No var det min tredje kamp sist mot Tsjekkia, og det har gjeve meirsmak å spele med flagget på brystet. Så får me sjå kven som får tillit mellom stengene neste kamp, seier Nyland.

Med det siktar han til den nytilsette landslagssjefen, Per-Mathias Høgmo. Ein trenar Nyland trur kan gje Fotball-Noreg mykje glede i åra som kjem.

— Det er eit ungt landslag, med eit dyktig trenarapparat rundt laget. Så langt har me hatt stiging i alle kampane me har spelt. Me ser nyansar av kva type fotball Noreg vil spele framover, og det er noko eg har lyst til å vere med på. Eg trur det vert veldig bra, og gledar meg til kvaliken startar i september, seier Nyland.

Rune Almenning Jarstein har lenge vore Noregs ubestridte nummer 1 på landslaget, trass i at mange har vore kritisk til prestasjoane hans, og meint at andre burde fått sjansen. Det er ein debatt Nyland ikkje vil legge seg borti.

— Eg skal være politisk korrekt og seie at det er kjekt å høyre at folk meiner at eg skal spele. Sjølv må eg berre jobbe hardt, så får trenarane styre laguttak og den slags.

- Men plassen vil du ha sjølv?

— Alle som blir teken ut har lyst å spele.

Spesiell sesongopning

På fredag møtes Molde og Vålerenga til årets første seriekamp. For Ørjan, og alle med kjennskap til Volda-fotballen, blir dette ein litt uvanleg kamp. På motsatt banehalvdel står den gamle lagkompisen og barndomskameraten Sivert Heltne Nilsen, også han frå Volda. Han vart Vålerenga-spelar i vinter, og er etter alle solemerker med på laget når dei serieopnar i “rosenes by”.

— Det blir spesielt. Me har spelt i lag sidan eg var 10 år gammal, og vore kameratar både på og utanfor banen. No står me på kvar vår side på det øvste nivået i Noreg. Veldig kjekt, seier Ørjan.

At det er akkurat desse to som har lukkast, er ikkje deira trenar frå tida i Volda og Hødd, Lars Arne Nilsen, overraska over. Han såg tidleg at dette var to “typar” som ville nå langt.

— Me såg det heilt frå dei var små. Dei hadde ein heilt vanvittig vilje til å vinne. Ikkje berre i kamp, men også på trening. Dei gav alt, uansett. Gjekk det ikkje vegen, kunne det gå ut over både meg, lagkameratar, motspelarar, dommarar og anna. Til tider var det heilt ekstremt, seier Nilsen.

Han meiner det er nettopp dette som har gjort at dei begge skal spele Tippeliga-fotball i 2014. — Det er den typen der du må leite etter. Det er vinnarskallane. Dei som hatar å tape på trening, og ikkje skuldar på andre når det går dårleg. Gje meg heller tigrar eg må temme, enn dei spelarane du som trenar må “jage opp”. Dette var definitivt to tigrar, minnast Nilsen.

Medfødt vinnarvilje

Den ekstreme vinnarvilja er noko også foreldra til Ørjan har fått erfare. Alt frå tidleg barndom av, sette dette valdsame engasjementet ein støkk i mor hans, Iris.

— Med Ørjan har det vore med livet som innsats uansett. Eg hugsar då det var bursdagsselskap her då dei var små, og alle var ute og sparka fotball på plenen. Laget hans skulle vinne – koste kva det koste ville. Det endte med at dei som i utgangspunktet var litt redde for spelinga, droppa det heile.

Då måtte eg ta han føre og sei “hallo! Alle skal vere med. Det er vel ikkje så nøye. Det er jo berre rett utpå plenen her, Ørjan.”

Men for Ørjan Håskjold Nyland fantes det ikkje noko “berre utpå plenen”-speling. Så lenge det skulle kårast ein vinnar, skulle det ytast 100 prosent. Slik var han også opp gjennom barndommen. Far til Ørjan, Jostein, prøvde seg ofte med klisjéen “tap og vinn med same sinn”, utan at det hjalp mykje.

— Det var det verste og dummaste Ørjan høyrde. Det tålte han berre ikkje, fortel Iris lattermildt.

Noko behageleg tilnærming til idrett og konkurranse har aldri vore aktuelt for Ørjan Nyland. Ikkje den gongen, og ikkje i dag.

— Nei, det har liksom aldri vore helt naturleg for meg. Det treng eg ikkje legge skjul på.

Ørjan Nyland og Sivert Heltne Nilsen visar stolt fram trofeet frå Sognefjord cup i 2006. Neste fredag skal dei kjempe mot kvarandre om poeng i Tippeligaen.

At dei andre borna stundom vart litt redde for Ørjan i barndomstida, hugsar han godt.— Eg var ein god del større enn dei andre, og var vand med å spele med dei som var større enn meg. Det var difor vanskeleg å forhalde seg til dei som ikkje var kome like langt i utviklinga. I tillegg hadde eg jo den vinnarskallen ganske tidleg, mimrar han.

Det var ikkje berre på fotballbanen det gjekk hardt føre seg. Alpintalentet Ørjan Nyland verdsette ikkje svake eigenprestasjonar i bakken. Det var dette med å bli best, som alltid stod i hovudet på guten.

Pappa Jostein kan fortelje om seine timar ute i smøreboden heime på tunet i Mork. For ein gut der siger betydde alt, gjekk det stundom ei kule heitt hos unge Ørjan.

— Eg stod mange kveldar ute i smøreboden og reparerte skistavar, for å sei det slik. Dei var både bøygde og knekte. Kven han har arva dette vinnarinstinktet av, må småfuglane vite, seier pappa Jostein og humrar.

Ørjan ler også godt når han vert minna på dei knekte stavane.

— Det blei slik då eg køyrde ut. Men det høyrer med. Det er dette konkurranseinstinktet. Uten det hadde eg nok ikkje vore der eg er i dag, seier målvakta.

Allsidig idrettstalent

I dag er Ørjan Nyland ein av landets fremste fotballspelarar, med fast plass i Tippeligaen og på landslaget. At det skulle bli fotballen som vart Ørjan sitt levebrød, har ikkje alltid vore like klart. Han dreiv nemleg med fleire idrettar i ungdomsåra, og kunne like gjerne enda opp som langrennsløpar, alpinist eller handballspelar, meiner gamletrenaren Lars Arne.

— Han har alltid hatt skallen, fysikken og forutsettingane for å lukkast. Det var eigentleg berre eit spørsmål om kva han skulle satse på. Han var god i alt han dreiv med, og “alle” idrettar ville ha han på laget sitt, seier Nilsen, som sjølv ville satse på han som utespelar i Volda.

- Kunne han blitt spiss for eit Tippeligalag trur du?

— Kanskje. Det er vanskeleg å seie. Då må du ha fart og tempo. Men han var bra på hovudet, og kunne blitt veldig god, seier suksesstrenaren frå Sotra.

For Ørjan sjølv har det aldri vore noko tvil. Det var fotballen han ville satse på, og i mål han skulle stå. Akkurat som far sin.

— Eg fann tidleg ut at det var fotballen som stod hjartet mitt nærast. Pappa var jo keeper, så det låg litt i familien. I tillegg syntest eg allereie som ung at det var kjekkare å stoppe ballen enn andre ting, seier Ørjan, før han sjølv stoppar opp og tenker seg om.

— Keeperrolla er veldig spesiell. Du er litt aleine og må vere tøff i skallen. Det blei liksom heile målvaktsgreiene, med ansvaret som følgde med, som trigga meg meir enn det å spele ute på banen, seier landslagskeeperen.

Tøff start i Hødd

Då Ørjan nærma seg konfirmasjonsalder, hadde han allereie fått faste keepertreningar i nabokommunen Ulstein sitt storlag, Hødd. Sakte men sikkert jobba han seg oppover i systemet, og kjempa seg etter kvart til ein plass i A-stallen. I 2008, berre 18 år gammal, fekk han seriedebuten sin for Hødd i 4-0 tapet for Odd Grenland i Adeccoligaen. Men suksessen i Hødd let vente på seg.

I 2010 spelte Hødd i 2. divisjon, og Vebjørn Skeide vokta buret til sunnmørslaget. Sesongen i seg sjølv gjekk veldig bra. Hødd vann si avdeling, og rykka opp til Adeccoligaen. Men for unge Nyland var dette ein tung periode. Han hadde vore i klubben nokre år, og tilværet som andrefiolin på Ulsteinvik-laget, var ikkje Ørjan nøgd med. Den høgreiste keeperkjempa byrja etter kvart å telje på knappane, og vurderte eit klubbskifte.

— Eg lærte mykje av den første tida mi i Hødd. Eg fekk sjå korleis det det var å drive toppfotball, og det å sitte på benken. Du lærer mykje av å ikkje vere førstevalet også. Eg fekk sjølvsagt nokre kampar i ny og ne, men det var ikkje mange dei første åra, seier han.

Han trur ting fort kunne blitt annleis om han ikkje hadde blitt satsa på det fjerde året.

— Hadde eg ikkje blitt satsa på det fjerde året, hadde eg nok ikke fortsett i Hødd. Men då Lars Arne til slutt valde å satse på meg, gjekk det veldig fort, seier Nyland, som framleis meiner han burde fått sjansen tidlegare i Hødd.

Dristig klubbval

Etter at fast plass i Hødd var sikra, gjekk utviklinga i rekordfart. Året etter leia han askeladden Hødd til cupgull, der Ørjan vart den store helten i finalen mot Tromsø. Berre nokre veker seinare henta Ole Gunnar Solskjær han til seriemeisterane Molde. Neste kapittel i Nyland-eventyret var eit faktum, og Tippeligaspel vart det neste store målet for Mork-guten.

At det vart nettopp Molde, var det få i fotball-Noreg som skjønte noko av. Laget hadde allereie dåværande landslagskeeper Espen Bugge Pettersen i stallen, med solide Ole Söderberg som andremålvakt. I tillegg hadde Ørjan tilbod frå fleire andre Tippeligaklubber, der han var garantert fast plass.

— Molde hadde den tydelegaste planen for korleis dei skulle utvikle meg. Uansett kva andre meinte den gongen, har det vist seg å vere det riktige valet. Ein kan ikkje sei anna enn at det har gått veldig bra, seier Nyland. Han legger til at Molde-manager Ole Gunnar Solskjær og keepertrener Richard Hartis, begge med bakgrunn i Manchester United, hadde ein viss påveknad på valet.

— Det var heile biletet og planen dei la ned for at eg skulle utvikle meg som gjorde at eg kom hit. At dei hadde erfaring frå ein av dei største klubbane i verda, hadde sjølvsagt også noko å seie.

Eit isrealsk eventyr

Med gjennombrotet i Tippeligaen, kom også det internasjonale gjennombrotet til Ørjan Nyland.

Det var europameisterskap for U21-landslag i Israel, og Ørjan var tatt ut i troppen. Han hadde akkurat blitt far, og for ein gongs skuld var det andre ting enn fotball i tankane til Mork-guten. Ikkje var han sikker på om han skulle få speletid heller. Arild Østbø stod fast i mål i Adeccoligaen, og hadde gjort sine saker bra i kvaliken til dette meisterskapet.

— Eg fekk ikkje vite at eg skulle vere førstekeeper før me kom ned til Israel. Eg hadde stått fast i Tippeligaen frå og med mai det året, og hadde 7-8 kampar under beltet på øvste nivå. Sjølv meinte eg at eg burde spele, men var veldig usikker på kven dei ville velge. Arild var god han også, fortel Nyland.

Opningskampen mot vertsnasjon Israel enda uavgjort 2-2. Med Ørjan Nyland som sisteskanse. For Noreg sin del hadde ikkje starten på meisterskapen blitt den beste. Men voldingen med nummer 12 på ryggen, hadde spelt ein særs god kamp, med fleire imponerande redningar.

Utover i meisterskapen betra Noreg seg betrakteleg. Fotballstorheita England vart slått 3-1, og Italia var berre ei overtidsscoring frå å tape for Noreg. I semifinalen vart Spania for sterke, og vann 3-0. Men Noreg hadde vunne ein svært gledeleg bronsemedalje, og samstundes sjarmert eit heilt fotballfolk. Ørjan Nyland hadde fått sitt store internasjonale gjennombrot. Men historia kunne fort vore veldig annleis, både for Noreg og for Ørjan Nyland. Før avreise kjende han veldig på det å reise frå sin førstefødde.

— Det var sjølvsagt tøft å reise frå dei heime. Samstundes visste eg at både mor (Tine) og Oliver var i gode hender heime i Volda. Det gjorde det enklare.

Speletida og suksessen til laget gjorde ikkje saknet til familien noko mindre. Men dagane gjekk, og det heile blei ei mykje betre oppleving enn det hadde blitt frå innbyttarbenken.

— Det at eg fikk spele gjorde det mykje enklare, og tida gjek fortare. Hadde eg ikkje fått den tilliten eg fekk frå landslagssjefen, er det ikkje sikkert eg hadde blitt i Israel meisterskapen igjennom, innrømmer Nyland.

I ettertid er han sjølvsagt glad for at han valte å bli med til Israel, og kjempe om ein plass i startoppstillinga.

— Det vart fullklaff på begge frontar. Både familiemessig og med fotballen, seier han og smiler breitt.

Drøymer om utlandet

Sidan EM-suksess i 2013, har Nyland etablert seg som ein av Tippeligaens beste målvakter, som fortent har gjeve plass på A-landslaget. I fjorårssesongen fekk han også med seg eit cupcull med Molde, hans andre i karriera. No siktar Mork-guten mot nye utfordringar, men stressar ikkje med å forlate romsdalsklubben.

— No har eg vore i Molde i snart eitt og eit halvt år, og har sjølvsagt ein draum om å ein dag kunne spele i ein storklubb ute i Europa. Men akkurat no tenker eg berre på Molde og landslaget, så får me sjå kva som skjer.

- Kvar er du om fem år?

Cupfinalen.jpg

Eg skal vere både dyktig og heldig om eg får oppleve draumen innan den tid. Men det er jo det som er målet, men akkurat kvar det blir, er vanskeleg å seie. — Om du skulle valt sjølv. Vert det Manchester United då?

— Det hadde vel ikkje vore feil det, avsluttar Nyland med glimt i auget.

  • Saka er eit samarbeid mellom smp.no og journalistutdanninga i Volda.
Publisert:

Eliteserien

SVUTMP
1Bodø/Glimt22192173254859
2Molde22141754272743
3Rosenborg22126442222042
4Vålerenga2211653728939
5Odd2112274032838
  • Champions League-kvalifisering
  • Conference League Qualification
  • Nedrykkskvalifisering
  • Nedrykk

Mest lest akkurat nå

  1. Oppfordrer til Halloween-feiring for de minste barna

  2. Sykefraværet gikk ned, men ikke nok. Nå får de en sjanse til

  3. Silje fikk topp­karakterer og er ingeniør. Nå jobber hun i kles­butikk

  4. Gutt påkjørt på Bryne

  5. Klar melding til egen minister: Grav ut Domkirken!

  6. To nye smittetilfeller i Sandnes onsdag

  1. Eliteserien
  2. Molde FK