Kallar det «katastrofe» at ikkje kampane blir vist på tv

Anders Mol og Christian Sørum gjorde jobben og gjekk vidare til semifinale i OL. Etterpå kom Mol med sterk kritikk av Discovery.

Anders Mol og Christian Sørum fekk ein hard kamp mot Russland.
  • Øystein Vik
    Journalist i BT
Publisert: Publisert:

RUSSLAND–NORGE 0–2

Shiokaze Park: På ein dag der den japanske sommaren viste seg frå sitt absolutt mest brutale, stod Anders Mol og Christian Sørum att med den beste premien av dei alle:

Ein plass i semifinalen i sandvolleyball i OL. Der skal Noreg møta Latvia.

Då kvartfinalen var over, hadde dei to slått russiske Ilya Leshukov og Konstantin Semenov 2–0 i sett.

Men etter kampen kom Mol med kritikk av Discovery, som har rettane til å visa OL på tv.

– Det er litt katastrofe, eigentleg, seier stjerna frå Strandvik utanfor Bergen.

– Det var magisk. Utruleg, utruleg digg, seier Anders Mol om å slå Russland og gå vidare til semifinalen i OL.

Ikkje på vanleg tv

Det han tenkjer på er Discoverys avgjerd om å flytta OL-kampane i sandvolleyball til strøymetenesta si, Discovery+.

Kampane frå kvartfinalen og ut går ikkje på vanleg fjernsyn. Heller ikkje om Mol/Sørum skulle spela om gull i finalen.

– Eg synest det er synd at det ikkje er mogeleg å få det på lineært tv, slik at kampane kan visast heime i norske stover. Det er lenge sidan det har vore sandvolleyball på eit slikt nivå på tv, seier Mol.

Han spekulerer i om dette er eit grep Discovery gjer for å tena pengar.

– Vi ønskjer utan tvil å få det tilbake, for det er ein spektakulær, spennande sport som eg trur folk kunne blitt hekta på. Det er veldig synd, seier Mol.

Noreg og Anders Mol opplevde at dei slåst både mot varmen og motstandarane i den ekstreme OL-varmen.

Ueinig med sonen

Då Discovery offentleggjorde avgjerda si, peika dei i på at strøyming gir kundane sjansen til å sjå akkurat kva dei vil frå OL, når dei vil. Og dessutan at Discovery+ er gratis for nye kundar.

– Vi har følgt sandvolleyball breitt i sendingane våre gjennom heile OL, og også i Elvestads OL før leikane, seier Discovery-redaktør Espen Skoland, som gratulerer Mol/Sørum med semifinaleplassen.

– Alle dei innleiande kampane blei sendt på TVNorge, og no har vi valt å legga resten av kampane på Discovery+. Der ligg dei gratis med potensial til å nå ut til like mange sjåarar, held Skoland fram.

I den flotte Shiokaze Park, nede ved hamna i Tokyo, står også Kåre Mol. Far til Anders Mol, og trenar for Mol/Sørum. Han meiner Discovery må gjera som dei vil, ettersom dei har kjøpt rettane til OL.

– Eg synest det er dumt om vi skal meina for mykje om dette, sa Kåre Mol, nokre minutt før sonen gav sine sitat om temaet.

– Vi ønskjer sjølvsagt at folk ser sporten vår. Men det går an å få gratisabonnement. Og i bygda vår Strandvik ser folk på storskjerm midt på natta. Det er mogeleg å sjå om du vil, seier Kåre Mol.

Yohko Kadono hadde billett til alle sandvolleyballkampane, men publikum vart ikkje tillate. Ho stilte likevel opp for å hylla sine idol frå Noreg. – Dei er greie karar og veldig gode spelarar, seier Kadono.

Russisk krangel

Kampen mellom Noreg og det som offisielt heiter Den russiske olympiske komité gjekk heilt annleis enn då Noreg tapte den siste gruppespelkampen mot dei same motstandarane.

I første sett tok Mol/Sørum ei tidleg leiing. I andre sett var det jamnare, men Noreg vippa det sin veg i den djupe Tokyo-sanden og den steikjande sola.

Undervegs i kampen byrja dei to russarane å krangla. Semenov fortel til BT at han prata med partnaren Leshukov kvelden før kampen og spurte om han var redd for Noreg.

– Då sa eg til han: Berre vis meg godt spel, ikkje tenk resultat. Men eg trur han kjente presset og var nervøs, sjølv om han spelte bra, seier Semenov.

– Vi hadde ein strategi, men vi klarte ikkje utføra han. Lukke til vidare til Noreg, seier Konstantin Semenov (til v.). Under kampen krangla han med partnar Ilya Leshukov.

Bevisst strategi

For Mol/Sørum var det ein bevisst strategi å få russarane til å bruka tid på kvarandre. Dei har sett det skje før.

– Vi veit at det kjem fort dersom dei slit. Vi håpa det skulle skje no, for då knekk vi dei, seier Anders Mol.

Sørum opplever det som ein bevisst strategi frå Semenov si side å kjefta.

– Han bryt ned makkeren sin (Leshukov) ned for at han ikkje skal bli for høg på seg sjølv, og så skal han bygga han opp att når han treng det. Men den er tynn, seier Sørum.

– Semenov er ein ekstremt spesiell fyr. Dersom makkeren gjer feil, slår han ut med armane og er sjukt misfornøgd. Hadde Christian gjort det med meg, hadde eg ikkje gidda å spela med han. Eg forstår ikkje korleis Leshukov greier å leva med det, seier Anders Mol.

Første sett: 17–21

Andre sett: 19–21

Semifinalen mot latviske Plavins/Tocs går torsdag klokka 14, norsk tid.

Publisert:
  1. Sandvolleyball
  2. OL
  3. Anders Mol

Mest lest akkurat nå

  1. Omgangssyken er i anmarsj

  2. Stavanger-ordfører Kari Nessa Nordtun er gravid

  3. Legger inn protest - mener motstanderen brøt regelverket

  4. Boligbrann på Stokka: – Hold vinduer og dører lukket

  5. Flere naboer var vitne til hendelsen

  6. – Har slitt med å leke med datteren min