Jakob Ingebrigtsen sette verdsrekord
Jakob Ingebrigtsen opna sesongen med eit smell, og sette ny verdsrekord innandørs på 1500 meter.
- Mari Sollid EideJournalist
Med tida 3.30,60 sette Jakob Ingebrigtsen verdsrekord på 1500 meter innandørs.
– Det er herlig å vere tilbake i Liévin. Dette er alltid eit raskt stemne med ein flott stadion, denne gong med eit fantastisk publikum. Eg er veldig fornøgd med å springe så fort. I dag var fantastisk, sa ein fersk verdsrekordhaldar til arrangøren etter målgang.
– Eg føler jo eg har snakka om verdsrekord sidan eg blei fødd. Så eg har snakka om det lenge. Det er jo ein draum som går i oppfylling, seier Ingebrigtsen til NRK.
Lura-karen var offensiv frå start, og la seg i rygg på fartshaldarane. Den tøffaste konkurrenten, Samuel Tefera frå Etiopia som hadde verdsrekorden før kveldens løp, la seg like bak.
Dei to favorittane fekk ei luke til dei andre konkurrentane midtvegs i løpet, og Ingebrigtsen drog i front.
Med 400 meter igjen fekk han nokre meter til Tefera, og avgjorde løpet. 21-åringen sprang i mål på tida 3.30,60 - dryge fire tidelar raskare enn den førre verdsrekorden.
– Eg likar å avslutte sterkt, det trur eg publikum sett pris på. Så er det fint for meg å auke farta inn mot mål, det er alltid ei god kjensle, seier 21-åringen.
Tefera blei nummer to med tida 3.33,70.
Den gamle verdsrekorden var 3.31,04. Utandørs er verdsrekorden framleis eit stykke unna for verdsstjerna frå Sandnes - den innehar Hicham El Guerrouj på tida 3.26,00.
Ingebrigtsens personlege rekord sette han i gull-løpet i Tokyo-OL med tida 3.28,32.
Storebror Filip Ingebrigtsen skulle også sesongopne i Frankrike torsdag kveld, men 28-åringen blei nylig koronasmitta og måtte stå over løpet. Han er tilbake i lett trening.
Les også
Mest lest akkurat nå
Disse 19 Sola-flyene er innstilt onsdag
Bil brant på Randaberg
Sandnes-gjeng gikk på isbreen tre dager før dødsulykken: – Blir jo helt satt ut
– Vi har alltid stilt opp for selskapet når det trenger det
Tok avskjed med Tor Martin (19) fra Hommersåk: – En gledesspreder
– For mange Michelin-stjerner? Slettes ikke!