Hødd-spelar på veg til Sogndal

Overgongen skal snart vere i boks.

Ole Amund Sveen spelar i eliteserien neste sesong.
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over syv år gammel

Ole Amund Sveen har vore ein av Hødds beste spelarar denne sesongen, men no forlet han klubben som bosmanspelar. Slik Sunnmørsposten forstår det, er det Sogndal som blir 25-åringens neste klubb.

— Det ønskjer eg ikkje å kommentere. Det må du ta med Sogndal, seier han til smp.no.

Les også

Eliteseriedrømmen knust for Hødd

Sunnmørsposten har ikkje lukkast å få ein kommentar frå sportsleg leiar Håvard Flo i Sogndal.

Hødd-trenar Sindre Eid, som snart gir seg som trenar, kjende ikkje til at Sveen var på veg til klubben som enda på 1. plass i 1.-divisjon denne sesongen.

Men klubben skal ha vore kjent med at 25-åringen hadde snakka med andre klubbar.

Publisert: