Sogndal burde avgjort
<p><a target="_blank" href="/live/"> <strong>Sogndal-Stabæk 0-0:</strong></a> To minutt før full tid bomma Tonny Brockmann Christiansen på ope mål. Dansken burde avgjort kampen for Sogndal.</p>
bakke Foto: Scanpix
- Jørn-arne Tomasgard
Sogndal 20111030.Eliteseriekampen mellom Sogndal og Stabæk på Fosshaugane Campus i Sogndal. Corner til hjemmelaget tidlig i kampen som det ikke blir noe tellende resultat av.Foto: Tor Yttri / Scanpix Foto: Yttri, Tor
Den gedigne Sogndal-sjansen på slutten burde gjeve Sogndal tre poeng i staden for eitt. Ahyee Aye Elvis var i god posisjon sjølv, men spelte til betre plaserte Christiansen. Han sette sjansen alle såg i mål, like utanfor.
— Ballen fekk ein liten skeiv sprett. Men det er inga unnskyldning. Eg skulle scora, innser dansken. Nysigneringa frå i sommar spelte elles ein god kamp.
— Det var nesten ein større prestasjon å skyte utanfor enn å treffe mål, meiner trenar Harald Aabrekk.
Men med tap for Start mot Odd, auka Sogndal luka ned til nedrykk til sju poeng.
Men Harald Aabrekk nektar å feire framleis eliteseriespel.
-Vi må gjere jobben sjølv. Det blir betre for kvar kampen vi tek poeng, men vi må fullføre, seier Aabrekk. Han var godt nøgd med gjennomføringa av kampen
— Eg er veldig glad for poeng. Og eg er godt nøgd med prestasjonen også. Eg syns vi styrte og skapte mange målsjansar. Stabæk slapp nesten ikkje til.
Sogndal best
Sogndal var det førande laget innleiingsvis, og viste at dei byrjar få system på angrepsspelet også. Ballen gjekk fint frå spelar til spelar. Ved fleire høve førte dette kombinasjonsspelet til farlegheiter. Ein verkeleg god sjanse var det då Tonny Brockmann Christiansen spelte spissmakker Ulrik Flo lurt gjennom i 14. minutt. Flo fekk ballen på medløp og skaut rett utanfor krysset med venstrebeinet.
Rett etter kom ei ny opprulling på høgrekanten, Ahyee Aye Elvis heada innlegget hardt pressa utanfor.
Prettes mot Stabæk-målet auka. I 18. minutt redda ein fin beinparade av målvakt Jan Kjell Larsen gjestene, etter skot frå Christiansen, dansken Sogndal signerte i sommar.
Hovland god
Defensivt hadde Sogndal god kontroll. Even Hovland var tilbake som sjef i midtforsvaret etter at han hadde karantene i 0-0-kampen borte mot Tromsø. Og vembingen viste kvifor han er ettertrakta og var med i den siste landslagstroppen til Drillo. Han spelte med ei ro som smitta. Stabæk slapp ikkje til ved eit einaste høve før pause.
Per Egil Flo var offensiv som venstre midtstoppar i Sogndal sitt litt spesielle 5-2-3-system. Han kunne gjeve laget leiinga i siste minutt av 1. omgang då han fekk ballen åleine på fem meter, men ballen spratt berre ukontrollert via leggen til Flo og ut av farleg sone.
Flo i stolpen
Tore André Flo erstatta Eirik Bakke i pausen, og var veldig uheldig i det 52. minutt. Den heimvende stryningen vart spelt gjennom, Stabæk-målvakt Jan Kjell Larsen nådde ballen akkurat først, men bomma, og dermed var Flo for blankt mål. Men dessverre for Sogndal og Flo sklei den tidlegare Chelsea-spelaren. Dermed fekk Stabæk avklara.
Det gjekk 59 minutt før Stabæk skapte sin første og eiaste sjanse i kampen. Pontus Farnerud brende ballen like over då han fekk sjansen på halv volley.
I 64. minutt fekk Sogndal sin til då største sjanse ved Tore André Flo som skaut i stolpen.
Les også
Eliteserien
S | V | U | T | M | P | ||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Bodø/Glimt | 30 | 26 | 3 | 1 | 103 – 3271 | 81 | ||
2 | Molde | 30 | 20 | 2 | 8 | 77 – 3641 | 62 | ||
3 | Vålerenga | 30 | 15 | 10 | 5 | 51 – 3318 | 55 | ||
4 | Rosenborg | 30 | 15 | 7 | 8 | 50 – 3515 | 52 | ||
5 | Kristiansund | 30 | 12 | 12 | 6 | 57 – 4512 | 48 |
- Champions League-kvalifisering
- Europaliga-kvalifisering
- Nedrykkskvalifisering
- Nedrykk
Mest lest akkurat nå
Hun har en Porsche i roségull: – Nå som verden er så trist, trenger vi farger
729 nye smittede siste døgn – høyeste siden januar
De fleste syns det er OK å kjøre litt for fort
Får ikke selge kjøleskap i bilbutikk
Lager første oversikt over bruk av håndjern og fysisk makt mot barn
Bjarne Berntsen til Aftenbladet – blir vår nye fotballekspert