Crystal Palace så Hovland

<p><strong> <a target="_blank" href="/live/">Sogndal-Stabæk 0-0:</a></strong> <a target="_blank" href="/live/"></a>Crystal Palace såg Even Hovland styre Sogndal inn til ein ny kamp utan baklengs.</p>

Sogndal 20111030.Eliteseriekampen mellom Sogndal og Stabæk på Fosshaugane Campus i Sogndal søndag endte med 0-0 og poengdeling, Her er Sogndals Even Hovland i duell med Stabæks Morten Morisbak Skjønsberg (t.v.) og Jørgen Hammer.Foto: Tor Yttri / Scanpix

  • Jørn-arne Tomasgard
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ni år gammel

Dagleg leiar Egil B. Mundal i Sogndal stadfestar at den engelske championship-klubben var på Fosshaugane i går.

Han seier også at FC København var på sist heimekamp. Hovland har eitt år att av kontrakten, og kjem til å bli seld etter sesongen.

Han er ikkje avvisande til spel på nest høgste nivå i England.

  • Vi følger Sogndal: Siste nytt om klubben her

— Det er akseptabelt nivå. Det viktigaste er at eg får speletid, seier 22-åringen frå Vadheim som var i den siste landslagstroppen til Drillo.

Flo blir i Sogndal

Tore André Flo spelte andre omgang mot Stabæk i går. Han er heilt klar på at Hovland er god nok for Crystal Palace.

— Ja, han er minst god nok for Premiership, seier Flo. Han fortel at klubbar har forhøyrt seg om lagkameraten med han.

— Ja, det har faktisk vore nokre klubbar som har forhøyrt seg, utan at eg vil gå nærmare inn på det.

- Er Crystal Palace ein av dei?

— Nei, svarar Flo.

Stryningen som er heimvend til Sogndal etter mange år i England, Skottland, Italia og England igjen, seier han blir verande i Sogndal vidare. Han er interessert i å halde fram som spelar i Sogndal.

Statistikksenter Eliteserien:

— Ja, eg skal prate med Sogndal no. Eg synes det er kjekt, og eg føler eg har noko å bidra med. Vi skal prøve å bu her med heile familien det komande året, seier Flo (38). Han fortel at han har kjøpt seg ei leiligheit i bygda.

Kunne avgjort

Flo var nær ved å avgjere kampen i går ved to høve. Først var han veldig uheldig i det 52. minutt. Den heimvende vart spelt gjennom, Stabæk-målvakt Jan Kjell Larsen nådde ballen akkurat først, men bomma, og dermed var Flo for blankt mål. Men dessverre for Sogndal og Flo sklei den tidlegare Chelsea-spelaren, og Stabæk fekk avklara.

I 64. minutt drog han seg fri på venstrekanten og skaut i stolpen.

— Den første var uheldig. Det var glatt. Eg trur nok eg hadde scora om eg ikkje sklei. Den andre fekk eg godt treff på, synd den ikkje gjekk inn, seier Flo.

Han og nevø Ulrik spelte i lag på topp for Sogndal til Ulrik vart bytt ut i 79. minutt. Faktisk var fire stryningar på bana samstundes. Mats Solheim og Per Egil Flo spelte heile kampen for heimelaget.

Sogndal var best og burde vunne. Laget hadde full kontroll defensivt, og spelte også fint kombinasjonsspel som med jamne mellomrom førte til sjansar.

Bomma for ope mål

Største sjansen av alle fekk dansken Tonny Brockmann Christiansen som bomma på ope mål to minutt før slutt.

— Ballen fekk ein liten skeiv sprett. Men det er inga unnskyldning. Eg skulle scora, innser dansken. Nysigneringa frå i sommar spelte elles ein god kamp.

— Det var nesten ein større prestasjon å skyte utanfor enn å treffe mål, meiner trenar Harald Aabrekk om sjansen der Ahyee Aye Elvis sjølv kunne scort, men la tilbake til betre plasserte Christiansen to minutt før slutt.

Ettersom Start tapte 3-1 heime mot Odd, auka likevel Sogndal luka til nedrykk til sju poeng. Trenar Harald Aabrekk nektar å feire framleis eliteseriespel.

— Vi må gjere jobben sjølv. Det blir betre for kvar kampen vi tek poeng, men vi må fullføre, seier Aabrekk.

Les også

  1. Sogndal burde avgjort

  2. Viking mistet seieren på overtid

  3. LSK sikret plassen

  4. Fra gulljubel til skuffelse

  5. Odd straffet Start i skjebnekampen

  6. Hareide: - Vi gir bort straffer

  7. Scheel velger Sogndal eller Lillestrøm

Publisert:
  1. Eliteserien

Eliteserien

SVUTMP
1Bodø/Glimt302631103327181
2Molde30202877364162
3Vålerenga301510551331855
4Rosenborg30157850351552
5Kristiansund301212657451248
  • Champions League-kvalifisering
  • Europaliga-kvalifisering
  • Nedrykkskvalifisering
  • Nedrykk

Mest lest akkurat nå

  1. Det snør - og denne gangen blir den liggende

  2. Stavanger letter på tiltakene fredag, men sier nei til skjenking

  3. Åttende koronadødsfall ved SUS

  4. Stakkars Bent Høie

  5. Koronasmitte på Storhaug skole

  6. Vurderer å gjen­åpne serve­rings­steder og trenings­sentre