Sjekk kven som får spele for Hødd

Den populære forsvarsspelaren har knapt fått speletid under Hans Erik Eriksen.  No startar han mot Jerv.

Publisert: Publisert:

Jesper Törnqvist var Hødd-kaptein i fjor. I år er det blitt benken. Foto: Sunnmørsposten

  • Tarjei Engeset Ofstad
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Jesper Törnqvist er ein kjent og kjær mann for mange Hødd-supportarar. Men i årets sesong har han ikkje starta ein einaste gong, og berre fått to innhopp. ­

– Jesper jobber hardt for å bli enda betre, og han vil nok lykkast, uttalte til Eriksen til Sunnmørsposten sin podcast Sunnmørsball nokre veker tilbake.

No har altså tida kome for den finske spelaren. Kaptein Wrele flyttest opp frå midtforsvaret og til ein meir offensiv rolle i midtforsvaret. Ungguten Sondre Sandnes Beite får ikkje fornya tillit frå start. I staden går Didrik Sereba inn.

Ulland ute

Erik Ulland Andersen sette ballen i mål på straffespark i førre runde. Han må derimot stå over mot Jerv, grunna tre gule kort. Etter at han henta ballen ifrå nettet til KFUM i førre runde, fekk han gult kort nummer to. Dermed måtte han gå i garderoben i det 90. minuttet av kampen.

Les også

Hødd-spiller scoret på straffe og fikk rødt kort: - En helt absurd situasjon

Jerv ligg langt over Hødd på tabellen, på ein femteplass med sine 19 poeng. Hødd ligg på nedrykksplass som nummer 13 med 11 poeng. Like fullt er det verdt å merke seg at Grimstadlaget har vore svakt på heimebane så langt. Jerv ville ha ligge på ein tiandeplass om ein berre hadde telt med poenga som er tatt heime. Formsvake Hødd ville til samanlikning ha vore over Jerv, på ein åttandeplass.

Vann mot Raufoss

Uansett går utvilsamt rovdyra frå Grimstad til slagmarka med sjølvtillit: i førre runde vann dei 1-0 over Raufoss borte, der tvillingbroren til Hødd-kaptein Karl Joakim Wrele, spelar. Hødd på si side blir stadig meir poenghungrige. Dei blåkvite tapte 2-1 mot KFUM på Høddvoll, siste serierunde. Jerv speler i same formasjon som KFUM, 4-4-1-1. ## Sjå opp: Antwi er tilbake

Litt på same måte som Eirik Ulland Andersen skal stå over mot Jerv, måtte Dennis Antwi stå over 12. runde. I 11. runde pådrog han seg først det som såg ut som eit billig gult kort etter ein bykseduell, i det 35. minutt. Berre fire minutt seinare sparka han ballen hardt utover sidelina, etter at dommaren blåste av for frispark. Dermed kløna Antwi seg til raudt kort, utan å ha spelt rått. Mot Hødd er den 23 år gamle ghanesaren tilbake på banen. Han har scora tre mål og servert to målgivande, noko som gjer han til ein av Jerv sine nøkkelspelarar.

Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke – Steffen Moltu, Christoffer Aasbak, Jesper Tørnqvist Erik Skaasheim – Karl Joakim Wrele (K), Bendik Dybdal Torset, Fredrik Sjølstad – Didrik Sereba, Robin Shroot, Øystein Vestvatn

Benken: Ole-Monrad Alme, Sondre Sandnes Beite, Martin Mork Breivik, Bendik Rise, Joachim Magnussen,

Jerv: (4-4-1-1) Øyvind Knutsen –Dejan Corovic , Espen Ramse Knudsen, Kristoffer T Tønnesen , Michael Olusoji Ogungbaro ­–Ulrik Berglann , Christopher MacConnacher (C) , Andreas Hagen , Tinny Brochmann Christiansen ­– Joachim Edvardsen ­– Dennis Agyare Antwi

Benken: Stian Christensen, Tobias Collett, Christoffer Myhre, Halvor Hovstad, Fuseini Mohammed, Vegard Somdal, Alexander Lind

Dommer: Mads Følstad Skarsem, Charlottenlund sportsklubb

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Gult farevarsel: Kan bli vindkast opp mot 30 m/s ved kysten i dag

  2. Planen var bobiltur på 3000 kilometer. Det ble 15 – til Ølberg

  3. Konge­familien i sommer­modus

  4. Prestens datter døde - nå er han regionleder i Human-etisk forbund

  5. Barnepsykolog om Alex-saken: – Avdekker svikt på svikt på svikt

  6. Stoltenberg bekrefter påstand om «dramatisk og krevende» møte med Trump om Nato

  1. Fotball 1. div
  2. Hødd