Hødd skal tette luka

Hød-kapteinen: – Det er mange kampar igjen til å heve seg.

Publisert: Publisert:

Er blitt betre: Hødd-kaptein Joakim Wrele håper laget med tre poeng mot KFUM Oslo kan sleppe å tenkje meir på nedrykksstrid resten av sesongen. Med siger vil laget nærme seg laga på øvre halvdel av tabellen. Foto: Eirik Nesset Hjelvik

  • Kristian Stenerud
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Hødd-kaptein Joakim Wrele trur sigeren mot Raufoss sist var det som skulle til for å starte klatringa på tabellen.

Etter ein svak start på sesongen har Hødd vunne to av dei tre siste kampane, og ligg på sikker plass på betre målskilnad enn Mjøndalen. Sist tok dei ein særs viktig siger mot Raufoss.

  • Følg Hødd-KFUM Oslo fra klokka 18.

– Det var ein kamp der det var mykje fram og tilbake, men det var viktig å score først der. Om dei hadde scora først, kunne vi ha stått igjen utan poeng. Det viktigaste var sjølvsagt sigeren, men eg er irritert over at spelet vårt ikkje var betre, seier Wrele.

Les også

Ulland: – Starten på ein opptur

Elendige borte

Hødd er det dårlegaste laget i 1. divisjon på bortebane med fem strake tap, men på heimebane er det berre fire andre lag som er betre.

– Sigeren sist var viktig for at vi løftet oss litt på tabellen, det var ein frigjerande kjensle. Med ein ny heimekamp på søndag, kan vi tette luka til laga framfor oss på tabellen. Då slepp vi å tenke for mykje på at vi stonga litt i botnen av tabellen tidlegare, seier Wrele.

– Har det vore for mykje fokus på tabellen?

– Vi veit alle kor vi ligg på tabellen, men det er ikkje noko vi har fokusert mykje på. Det er mange kampar igjen til å heve seg framover, seier han optimistisk.

Les også

Sjanserik kamp endte med Hødd-siger

Søndag er det KFUM Oslo som kjem på besøk på Høddvoll for første gang. Dei ligg på tiandeplass, to poeng føre Hødd.

– Det er eit pasningssikkert lag som liker å ha ballen mykje. Om vi klare rå styre kampen slik vi skal, så kjem dei til å slite mot oss, trur kapteinen.

Kontrakt ut sesongen

Han meiner Hødd har noko på gong no etter ein tøff start på sesongen.

– Vi har jobba hardt med å heve oss, for vi har stort sett vore med i alle kampane. Vi har mangla den flyten som kan gje poeng i jamne kampar, men no har vi fått mykje sjølvtillit og nærmar oss noko.

Les også

Wrele-tvillingane i kvar si forsvarsrekke

25-åringen er inne i sin tredje sesong i Hødd og har kontrakt ut sesongen. Svensken er ikkje sikker på kva som skjer i framtida.

– Eg har ikkje snakka med klubben om det, men det er framleis tidleg i sesongen. Hødd er den beste klubben eg har vore i, og eg har det veldig fint her.

PS: Høyr vår podkast med Hødd-trenar Hans-Erik Eriksen på smp.no.

Publisert:

Les også

  1. Hødd-trenar Eriksen: – Deilig, men utilstrekkeleg

  2. Blåsarane har framleis trua på Hødd

  3. Hødd i poengnød: Viker ikke en tomme

Mest lest akkurat nå

  1. Leter etter John Olav med full styrke

  2. Steinar var veldig ensom. Løsningen han valgte, fikk mye større konsekvenser enn han hadde ant.

  3. Bryne suser mot opprykk. EIK er hektet av.

  4. Fire nye smittebærere i Sandnes siden torsdag

  5. Bil kjørte av veien på Ganddal

  6. Her blir det nytt kjøpesenter og sykehus

  1. Fotball 1. div
  2. Hødd
  3. KFUM Oslo