Her vinn dei Noregs lengste løp: – No treng vi ein dusj og ei øl

Team Rett Vest Endurance vann løpet som får ein maraton til å sjå ut som ein søndagstur.

Fredrik Berentsen, Eivind Svellingen og Fred Andersen gjekk i mål i pøsregn torsdag kveld etter å ha sprunge 532 kilometer frå Oslo til Bergen.
  • Ingvild Nave
    Journalist i BT
Publisert: Publisert:

Etter rundt 158 timar og 532 kilometer med blodslit, vann Team Rett Vest Endurance løpet Oslo Bergen Trail torsdag kveld.

Himmelen opna seg over målområdet i Meyermarken, og pøsa bergensk konfetti i form av regndropar på størrelse med klinkekuler då trioen gjekk i mål rundt klokka 21.45.

– Det er slik det skal vere! sa Fredrik Berentsen, gjennomvåt og ekstatisk etter målgang.

Fredrik Berentsen, Eivind Svellingen og Fred Andersen med kvart sitt glas velfortent musserande etter målgang.

I ei veke har han same med Eivind Svellingen og Fred Andersen sprunge heile vegen frå Holmenkollen i Oslo og heim til Bergen.

Saman har dei lidd seg gjennom nesten 19.000 høgdemeter på vegen.

– Kvifor vil de utsetje dykk sjølv for ei slik sjølvpining?

– Det er jo mogelegheita for å utforske det uutforska, altså å vite om vi klarer å takle det mentale aspektet og denne fysiske utfordringa, og klare å gjennomføre ei så krevjande løp, seier Berentsen.

Over fjell og vidder har Fredrik Berentsen og Team Rett Vest Endurance sprunge i ei veke.

– Har det vore nokre augneblikk der de har måtte støtte kvarandre for å klare å gjennomføre?

– Mange av dei! Du anar ikkje. Vi har blitt godt kjent, seier Andersen.

– Intimsonene er så å seie viska ut, seier Svellingen med eit velfortent glas musserande i handa.

Stine Steffensen og familien har følgt mannen Eivind heile vegen frå Oslo.

532 kilometer

Medan mange av oss er nøgde når skrittellaren viser 10.000 steg, ligg ambisjonsnivået til Team Rett Vest Endurance bokstaveleg talt milevis over det.

– Vi har 532 kilometer, seier Svellingen.

– Mange dagar har vi sprunge over 100 kilometer, seier Berentsen.

Emma Svellingen pynta seg for å ønskje løparane velkomen.

Sett vekk ifrå seks stoppepunkt der dei kan sove, få mat og kvile, har dei ikkje lov å ta imot nokon form for støtte under løpet, som blir arrangert for alle første gong.

Mange av løparane har slite med blemmer fordi dei spring i våte sko over lang tid. I verste fall kan det ende i skyttargravsføter.

– Vi har heldigvis hatt mindre problem med beina enn enkelte andre, fortel Berentsen.

Fredrik Berentsen med sigersdrinken i handa.

Familiane til løparane har heia dei fram på vegen. Slekta Svellingen frå Askøy har til og med følgt dei heile løypa.

– Det har blitt lite søvn, seier kona Stine Steffensen, som synest det blir greitt å få mannen heim.

Marita Svellingen og Mathias Svellingen har følgt løparane heile vegen frå Holmenkollen.

Også far Odd Svellingen var på plass for å sjå sonen vinne Noregs desidert lengste løp.

– Kjem løpstalentet frå deg, trur du?

– Det er freistande å seie, ja. Men eg trur nok ikkje det.

Heiagjengen har betydd mykje for trioen som dag og natt har sprunge.

– Absolutt. Gir meg ein ekstra tryggleik. Når ting er kjipt, så veit eg at dei står ved neste sjekkpunkt eller vegkryss, seier Svellingen.

Dusj og øl

Allereie er Team Rett Vest Endurance klare for å gjenta suksessen dersom mogelegheita skulle by seg igjen.

– Eg har tenkt på det kvar einaste dag. Det er nydeleg å berre vere ute i skogen og på fjellet og springe. Det er det einaste ein treng å tenkje på. 90 prosent har vore heilt tipp topp, seier Andersen.

– Kva er planen i kveld då?

– Eg trur vi treng ein dusj. Og ei øl, seier Svellingen.

Publisert:
  1. Løping

Mest lest akkurat nå

  1. David Brekalo: – Jeg gjorde en feil og vil beklage til alle

  2. Dette sa Gunnarsson som fikk Brekalo til å koke over

  3. Helseministre i G7-land innkalles til hastemøte om omikron

  4. Når det blir farlig å gå på jobb

  5. Titusenvis uten strøm i vinterkalde Skottland og Nord-England

  6. Kaos og drama på overtid da Viking nærmest sikret bronse­medaljen