Utøvaranes pris til Jakob Ingebrigtsen

Jakob Ingebrigtsen blei stemt fram blant toppidrettsutøvarane til utøvaranes pris under idrettsgallaen.

Jakob Ingebrigtsen fekk utøvarane sin pris under idrettsgallaen.
Publisert: Publisert:

Etter ein enorm 2021-sesong, toppa med OL-gull og olympisk rekord i Tokyo, blei Jakob Ingebrigtsen av om lag 250 toppidrettsutøvarar stemt fram som vinnar av utøvaranes pris under idrettsgallaen.

– Eg må takke alle utøvarane som har stemt på meg. Det er ein gjev pris å vinne sidan utøvarane sjølve stemmer fram vinnaren, sa Jakob Ingebrigtsen på videolink frå Spania.

Han er for tida i gong med sesongoppkøyringa på treningsleir i Sierra Nevada, og kunne difor ikkje vere til stades under utdelinga i Oslo spektrum.

Lise Klaveness og Bjørn Einar Romøren delte ut prisen, og sa i grunngjevinga at Jakob har inspirert og vist at det er mogleg for norske utøvarar å nå den absolutte verdstoppen.

I 2021 tok Ingebrigtsen OL-gull på 1500 meter i Tokyo og sette ny olympisk rekord med tida 3.28,32. Han blei også europameister både på 1500 meter innandørs og under EM i terrengløp.

– Det er mange eg må takke for prestasjonane i 2021. Først og fremst trenar og far Gjert, samt mine treningkameratar Henrik og Filip, sa Jakob, som også takka det norske folk som har heia på utøvarne i eit annleis idrettsår.

Fleire lokale nominert

Årets idrettsgalla var som i fjor prega av koronarestriksjonar, men fleire av landets beste utøvarar var likevel til stades under prisutdelinga i Oslo spektrum. Fleire lokale var å finne blant årets nominerte.

Verdsstjernene Erling Braut Haaland og Jakob Ingebrigtsen var begge nominert i fleire kategoriar. Sistnevnte stakk av med utøvarane sin pris.

Thorir Hergeirsson og Gjert Ingebrigtsen var nominert til årets trenar, som Karsten Warholms trenar Leif-Olav Alnes vann.

Tor Helge Skretting frå Sola Cyckleklubb var nominert til årets ildsjel, som ein eigen jury kåra vinnaren av.

I dei fleste prisane kåra juryen vinnaren. I juryen satt Tore Øvrebø (juryleiar), Karen-Marie Ellefsen, Hanne Haugland, Marit Bjørgen, Ola By Rise, Kjetil André Aamodt og Knut Holmann.

Årets namn, Maren Lundby, blei stemt fram av publikum, medan prisane årets heiderspris (Karen Espelund) og årets førebilete (beachhandballjentene) kåra juryen utan nominerte. Utøvaranes pris, som Jakob Ingebrigtsen vann, blei stemt fram av toppidrettsutøvarane sjølve.

Sjå alle prisvinnarar og nominerte her:

Årets kvinnelege parautøvar:

Aida Dahlen, bordtennis
Ann Cathrin Lübbe, ryttersport
Vilde Nilsen, langrenn
Helle Sofie Sagøy, badminton
Birgit Skarstein, roing

Vinnar: Birgit Skarstein, roing

Årets trenar:

Leif Olav Alnes, friidrett
Johan Flodin, roing
Thorir Hergeirsson, handball
Gjert Ingebrigtsen, friidrett
Kåre Mol, volleyball
Patrick Oberegger, skiskyting
Arild Tveiten, triatlon

Vinnar: Leif Olav Alnes, friidrett

Gjert Ingebrigtsen har trena sønene sine til å bli blant verdas beste mellomdistanseløparar.

Årets lag:

Bodø/Glimt, fotball
Handballjentene, handball
Sandvolleyballandslaget Mol/Sørum, volleyball
Vipers Kristiansand, handball
49er FX (Næss/Rønningen), segling

Vinnar: Sandvolleyballandslaget Mol/Sørum, volleyball

Utøvaranes pris:

Toppidrettsutøvarane nominerte og stemte sjølv. Om lag 250 utøvarar stemte fram Jakob Ingebrigtsen som vinnar.

Årets mannlege parautøvar:

Jens Lasse Dokkan, ryttersport
Salum Ageze Kashafali, friidrett
Jesper Saltvik Pedersen, alpint
Tommy Urhaug, bordtennis

Vinnar: Salum Ageze Kashafali, friidrett

Årets førebilete:

Beachhandballjentene.

Årets ildsjel (eigen jury):

Terje Redtrøen (Tylldal)

Vera Schnabel (Bodø Bokseklubb)

Tor Helge Skretting (Sola Cyckleklubb)

Vinnar: Terje Redtrøen (Tylldal)

Tor Helge Skretting har vore ei sentral drivkraft for å få etablert Norges første innandørs velodrom på Sola.
Les også

Skretting er fylkesvinner til prisen Årets ildsjel

Årets kvinnelege idrettsutøvar:

Jeanette Hegg Duestad, skyting
Tiril Kampenhaug Eckhoff, skiskyting
Karoline Bjerkeli Grøvdal, friidrett
Caroline Graham Hansen, fotball
Gyda Westvold Hansen, kombinert
Therese Johaug, langrenn
Solfrid Koanda, vektløfting
Maren Lundby, skihopp
Ragne Wiklund, skøyter

Vinnar: Therese Johaug, langrenn

Årets gjennombrot:

Harald Østberg Amundsen, langrenn
Lucas Braathen, alpint
Halvor Egner Granerud, skihopp
Gyda Westvold Hansen, kombinert
Sturla Holm Lægreid, skiskyting
Oskar Marvik, bryting
Ragne Wiklund, skøyter

Vinnar: Sturla Holm Lægreid, skiskyting

Årets mannlege idrettsutøvar:

Kristian Blummenfelt, triatlon
Kjetil Borch, roing
Erling Braut Haaland, fotball
Eivind Henriksen, friidrett
Viktor Hovland, golf
Jakob Ingebrigtsen, friidrett
Johannes Høsflot Klæbo, langrenn
Sturla Holm Lægreid, skiskyting
Jarl Magnus Riiber, kombinert
Casper Ruud, tennis
Sebastian Foss Solevåg, alpint
Karsten Warholm, friidrett

Vinnar: Karsten Warholm, friidrett

Erling Braut Haaland var nominert til både årets mannlege idrettsutøvar og årets namn.

Årets namn

Dette er dei seks finalistane:

Jakob Ingebrigtsen
Karsten Warholm
Maren Lundby
Viktor Hovland
Kristian Blummenfelt
Erling Braut Haaland

Vinnar: Maren Lundby

Årets hederspris:

Karen Espelund

Publisert: