Hødd-trenarens utfordring: - Vi er ikkje spesielt trygge på bortebane

Steinar Lein trur Hødd kan ta poeng på bortebane for første gong på åtte kampar.

Publisert: Publisert:

FRISTAR TIL GJENTAKING: Dette biletet er teken frå Steinar Lein sin første kamp som trenar. Han håpar Hødd-jubelen blir like stor borte mot KFUM Oslo i dag.

  • Veronica Hjelseth
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

– Skal vi halde på plassen i 1. divisjon må vi begynne å ta poeng på bortebane også, seier Hødd-trenar Steinar Lein.

I morgon møter dei KFUM Oslo borte. Oslo-laget ligg berre éin plass over Hødd. Med andre ord, her kan alt skje.

– Vi har tapt sju bortekampar på rad, så det er ei utfordring at vi ikkje er spesielt trygge på bortebane. Samstundes trur eg dei gode opplevingane på heimebane dei siste kampane kan bidra til å endre på dei dårlege tendensane borte, seier Lein.

Hødd ligg i grenseland på tabellen og å sikre seg poeng er viktigare enn nokon gong.

– Målet er å berge plassen i 1. divisjon og då er vi avhengige av å spele bra borte også. Akkurat denne kampen hadde det betydd ekstra mykje å vinne sidan vi har tre veker ferie etterpå, meiner trenaren.

Ei verdig avslutning på vårsesongen har mykje å seie for sjølvtillita og for haustsesongen.

Les også

Lein: - Viktig at Shroot kjem i scoringsform

Kan ikkje slakke den heilt

Etter morgondagens kamp får Hødd— spelarane 10 dagar ferie. Men heilt ferie blir det nok ikkje.

– Vi tek ti dagar pause, så er vi klar igjen 22. juli. Då har vi 1,5 veke med trening før neste kamp. Men vi kan ikkje ligge på solsenga i 10 dagar, spelarane må halde seg i gong samstundes som dei ladar batteria. Vi har seks kampar i august og har ikkje råd til å slurve i pausen, meiner Lein som sender med dei treningsprogram på ferie.

– Dei er så treningsvillige og ambisiøse at det ikkje er noko problem, hevdar han.

Ei lita pause gjer nok også godt for Hødd-spelarane som har hatt ein noko spesiell vårsesong med trenarbyte og høge forventningar som ikkje alltid har vore like lett å leve opp til.

Les også

AaFK-treneren: – Det handler ikke om at vi er for dårlig trent

Endringar

Lien hevdar Hødd har gjort ei rekke endringar som gjer at de stiller sterkare enn før.

– Endringane vi har gjort sidan sist er å strukturere oss meir defensivt samt at vi ønskjer å spele meir framover og få opp løpskrafta, avslørar trenaren.

Les også

Aalesund tester ny spiss

Trass 1–2 tap førre gong dei møtte KFUM Oslo, har han tru på at det kan gå vegen denne gongen.

– Førre kamp var ganske spesiell. Vi styrte det meste, men det var dei som scora. Dei var ikkje betre enn oss i den kampen, fortel han.

Mens Sunnmørsposten snakkar med Lien sitt han og ser på motstandaren for å finne deira svake og sterke side. Det er viktig for å legge ein god kampplan, meiner han.

– Planen er ikkje ferdig spikra enno. Det som er sikkert er at vi ikkje har vore gode nok til å ta den fighten som må til i 1. div. førebels. Det har vi betra oss på no og er klar til kamp!

Publisert:

Les også

  1. Aalesund i dialog med flere nye spillere

Mest lest akkurat nå

  1. Samferdselsdepartementet går for den røde streken på kartet

  2. Fire nye smittetilfeller i Stavanger

  3. – De kaller det tidenes funn i Norge

  4. Pizzabakerens hemmelighet

  5. Følg med på nyttår rundt i distriktet på våre webkameraer

  6. – En helt fantastisk løsning i disse krisetider

  1. Fotball 1. div
  2. Hødd