Tilbake på vinnarsporet
<p><strong>Hødd — Randaberg 2-1:</strong> Etter tre strake heimetap vann Hødd fullt fortent 2-1 mot tabelljumbo Randaberg i dag. Sigeren burde ha blitt langt større.</p>
målet til Hødd_web Foto: Marius Bostrand
- Einar O. Trovåg
Hødd var stort sett det førande laget på Høddvoll i 1. omgang, og leia fortent 2-0 halvvegs. Men hadde Randaberg utnytta eit par stygge gleppar i Hødd-forsvaret kunne det sett noko annleis ut.
Etter 17 minutt glei Sivert Heltne Nilsen, og Randabergs Christer Håland kom derfor mutters åleine med Nyland i Hødd-buret. Men Håland var alt anna enn kald og knalla til med eit skot som gjekk høgt over mål. Også i det 10. minutt var det ope hus i Hødd sine bakre rekkjer, men heldigvis for heimelaget avslutta Fredrik Norberg utanfrå frå god posisjon.
Statistikksenter 1.divisjon:
Flott Latifu-scoring
Mellom desse to gleppane gjekk Hødd opp i leiinga. Høgreback Akeem Latifu raida oppover bana, spelte vegg med Erik Sandal, og åleine med Olav Dalen i RIL-målet avslutta Latifu vakkert med utsida nede ved keepers venstre stolperot.
Sjansesløsing
Sjølv om ikkje spelet sat like godt som Hødd kan på sitt beste, skapte blåtrøyene jamt og trutt sjansar. Etter fire minutt skaut Michael Karlsen utanfor via ein Randaberg-spelar. Adama Diomande var stadig på farta. 22 minutt var spelt då han var nære ved å score på ei heading. Same mann avslutta knallhardt like over fire minutt seinare. Halvtimen var spelt då Bendik Torset kunne ha dobla leiinga på med pannebrasken. Sju minutt seinare brende Sivert Heltne Nilsen og Diomande ein dobbelsjanse. I det 45. minutt var det berre ein god Olav Dalen som hindra Michael Karlsen i å finne nettmaskene.
- Vi følger Hødd: Siste nytt om klubben her
Midstoppar dobla
Men så, eitt minutt på overtid i 1. omgang, sørgja Thomas Lid Kleppe for at Hødd fekk eit glimrande utgangspunkt framfor 2. omgang. Erik Sandal slo corneren som Kleppe styrte sikkert i mål.
2-0: Hødd går til pause med komfortabel leiing. (Foto: Marius Bøstrand)
2. omgang var lenge eit stort antiklimaks i høve den første. Hødd hadde ballen, men skapte ikkje sjansar før det var spelt 25 minutt av omgang. Randaberg hadde svært sjeldan ballen, og var aldri i nærleiken av Hødd sin 16-meter før det var ti minutt igjen av kampen.
Ny Hødd-bølgje
Utover i omgangen begynte Hødd å komme til moglegheiter. Michael Karlsen kom åleine mot Randaberg-målet etter 69 minutt, men somla og vart sprunge opp. Akeem Latifu skaut utanfor frå god posisjon etter 72 minutt. Like etter avslutta innbytar Martin Haanes hardt utanfor. Espen Standal hadde berre vore nokre sekund på bana då han brende ein stor sjanse etter 76 minutt. I det 81. minutt hadde Martin Haanes to moglegheiter til å punktere kampen, men utan utteljing. Like etter kom Randaberg til sin første sjanse for kampen, men ein Hødd-spelar redda på streken.
Nye Hødd-sjansar følgde. Olav Dalen viste nok ein gong styrke då han redda eit godt forsøk frå Erik Sandal etter 83 minutt. Minuttet seinare hadde ei avslutning frå Adama Diomande retning krysset, men igjen varta Dalen opp med ei klasseredning.
- Vi følger Randaberg: Siste nytt om klubben her
Redusering
Litt spennande vart det då Martin Hestvik heada inn ei redusering på nydeleg vis eit par minutt på overtid. Men slik kampen utvikla seg skal Randaberg vere nøgde med å tape berre 2-1 denne kampen.
PS: Tabelljumboen presterte å få utvist ein spelar etter at kampen var slutt. Ezekiel Bala sparka etter Hødd-spiss Adama Diomande, og fekk direkte raudt kort.
Mest lest akkurat nå
Går inn for å forlenge smitteverntiltakene i Stavanger til 8. februar: - Situasjonen er fortsatt svært alvorlig
Bor du i borettslag, i Smeaheia, i Bjergsted, på Hinna eller har du hus i naturfarge? Da bør du lese dette
Matvognen måtte etterfylle tre ganger sist helg: Hyttefolket vil ha middag med til fjellheimen
Parkeringskaos i Brekko - politiet ber turfolk vise hensyn
Søstrenes idyll i Ryfylke er truet av utbyggingsprosjekt: - Helt vanvittig
Salget har tatt helt av. Nå er det tomt i flere butikker
Aftenbladet anbefaler
Akkurat nå diskuterer ekspertene Norges koronaregler. Spesielt på to områder kan det bli endringer
Pøbel rørte verden, nå vil han gi denne gigantiske skulpturen til Jæren
Jente (17) ble sexfilmet i skjul. Så ble videoen delt på Snapchat: – Jeg har vært mye lei meg
Ble bedt om å jukse i korona-søknad