Er du nervøs for å bli smitta når du går tur eller joggar? Her er forholdsreglane du må ta.

– Fysisk aktivitet er svært viktig for å stå i mot koronasmitte og for å takla å bli sjuk, seier lege Arne Instebø.

Publisert: Publisert:

– Det er god plass i Norge. Det går an å bevega seg ute, uten å vera tett på andre, seier lege Arne Instebø. Foto: Bård Bøe

  • Øystein Vik

Denne saken ble først publisert 20. mars.

Er det lurt til å gå tur eller snøra på seg joggeskoa når ein risikerer å bli smitta av koronaviruset?

Ja, meiner legar vi har snakka med. Tur, om det er i spaser- eller joggetempo, treng ikkje vera noko du unngår i koronakrisa.

Fysisk aktivitet er anbefalt, nesten meir enn nokosinne.

– Om du er i fysisk aktivitet og held deg i form, fungerer alle fysiologiske prosessar i kroppen betre. Dermed er du meir motstandsdyktig mot å bli smitta av koronaviruset, og du er betre rusta til å handtera sjukdommen om du skulle få han, seier lege Arne Instebø.

  • Treng du tips til styrketrening uten treningssenter, kan du lesa denne saka.

– Folk bør ha smittevern i tankane om dei skal ut og gå tur, forklarar Arne Instebø. Foto: Bård Bøe

Her er råda du må følgja

Instebø er dagleg leiar for Norsk Treningshelse, som mellom anna driv Family Sports Club og Idrettsmedisinsk Avdeling. Her er hans beste tips for korleis du trygt kan leggja i veg på tur, samtidig som du unngår koronasmitte.

  • Vask hendene

– Håndhygiene er først og framst viktig straks du kjem inn frå ein tur. Eg har likevel lagt meg som vane å vaska hendene også før eg trenar, sidan eg ofte tek meg i ansiktet undervegs.

  • Hostehygiene

– Når du sveittar eller pustar hurtig fordi du har høg puls, og du i tillegg tek på andre, aukar smittefaren betydeleg. Unngå kontakt, å pusta på andre og ikkje minst må du ikkje hosta på andre.

  • Hald avstand

– Du kan trena med andre, men bruk sunn fornuft, og hald minst ein meters avstand til dei du møter og dei du trener saman med. Respekter at andre ønskjer å ha avstand. Du veit ikkje om det er ein person som har karantene, eller ein som har kronisk sjukdom.

Les også

Styrketrening uten treningssenter? Her er profilenes fire superøkter.

– Me veit ikkje nok om dette viruset enno, men det er alltid ein fordel å vera i god form. Det er det bra å koma seg ut på tur, seier Kristin Greve-Isdahl Mohn, overlege ved Haukeland universitetssjukehus. Foto: Bård Bøe

Ulike råd til ulike personar

Kristin Greve-Isdahl Mohn, overlege ved Haukeland universitetssjukehus, er varm tilhengjar av at folk kjem seg ut og er i fysisk aktivitet, også no.

– Eg anbefalar det. Det er godt for alle å koma seg ut når ein må isolera seg så mykje som me må no, seier ho.

Overlegen har desse enkle råda til ulike personar:

  • Om du er frisk

– Du kan gå tur, også med ein venn. Hugs berre å halda avstand på litt over ein meter til andre. Då er risikoen låg for å verta smitta.

  • Om du er i karantene, men ikkje sjuk

– Du kan gå tur med familiemedlemmar eller åleine. Men ikkje med andre.

  • Om du har symptom på covid-19

– Du bør ikkje gå ut i det heile tatt. Om du gjer det, så unngå alle andre.

Kristin Greve-Isdahl Mohn, som arbeider ved Influensasenteret, eit samarbeid mellom Haukeland, Universitetet i Bergen og Helsedepartementet, forklarar kvifor desse forholdsreglane er viktige.

– Me riggar oss for at mange vert sjuke samtidig, men me ønskjer det ikkje. Derfor må me halda avstand. Det er oss mot viruset no, seier Greve-Isdahl Mohn.

Fordelane med fysisk aktivitet

Legane meiner det er fleire fordelar med å vera fysisk aktiv, sjølv om ein må sitja mykje heime.

Her er fordelane Instebø meiner fysisk aktivitet har i koronatida:

  • Fysisk aktivitet gjer det lettare å få sova og halda døgnrytmen no når mange har heimekontor. God søvn gjer deg meir motstandsdyktig mot sjukdom.
  • Mange går med angst og uro i kroppen. Det å gjera noko fysisk vil gjera at ein får tankane vekk og kroppen roar seg ned i etterkant av trening eller tur.
  • Fysisk aktivtet gjer at du kan unngå vektauke, no når du er meir heime og måltida gjerne vert større og meir uregelmessige.

Mange nytte det fine fredagsvêret til å ta seg ein tur på Ulriken. Foto: Roar Lyngøy

FHI sine råd

Her er Folkehelseinstituttet sine generelle råd for å unngå koronasmitte:

  • God hand- og hostehygiene, prøv å unngå å ta deg i ansiktet.
  • Personar som bur saman kan omgå kvarandre normalt.
  • Unngå handhelsing, samt kyssing og klemming utanfor heimen.
  • Hald avstand til andre, både på jobb, ute og andre stedar du oppheld deg.
  • Avgrens talet på personer du har nær kontakt med, og får besøk av, til nokre få av gangen.
  • Friske barn kan vera saman både ute og inne, men i små grupper.
  • Hvis du får feber eller luftveissymptomer bør du vera heime til eitt døgn etter at du er frisk.
Publisert:

Les også

  1. Bergen City Marathon gikk mot ny rekord. Nå flyttes folkefesten.

  2. Milliardæren er tysk fotballs mest forhatte mann. Nå kan selskapet hans nærme seg en korona-vaksine.

  1. Koronaviruset
  2. Webview