Desse vegane i Klepp får forkøyrsrett

Statens vegvesen forkøyrsregulerer 13 vegar i Klepp kommune denne veka.

Publisert: Publisert:

Skjermdump fra Orrevegen i Klepp. Foto: Google Maps

  • Ina Gundersen
    Journalist
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

- I fleire kryss er det ikkje klart nok kven som eigentleg har vikeplikt og forkøyrsrett. Difor forkøyrsregulerer vi desse fylkesvegane, forklarer Bjørn Kristian Røyland på plan- og forvaltningsseksjonen i Statens vegvesen, i ei pressemelding.

Desse vegane blir forkøyrsregulert onsdag 28. november:

  • Fylkesveg 171 Pollestadvegen
  • Fylkesveg 216 Pollestad/ Grødelandsvegen
  • Fylkesveg 245 Selevegen
  • Fylkesveg 247 Orrevegen
  • Fylkesveg 248 Borevegen
  • Fylkesveg 249 Nesevegen
  • Fylkesveg 250 Brautvegen
  • Fylkesveg 251 Roslandsvegen
  • Fylkesveg 252 Lalandsvegen
  • Fylkesveg 253 Øksnevadvegen
  • Fylkesveg 255 Ergavegen
  • Fylkesveg 258 Saltevegen
  • Fylkesveg 260 Fjogstadvegen

Statens vegvesen ber trafikantane passe på.

- Dei som kjem på sidevegane må følgje godt med på skilting og oppmerking. Nå får dei vikeplikt før dei skal køyre ut på vegane som blir forkøyrsregulerte. På same tid må bilistane på dei nye forkøyrsvegane vere klar over at det kan koma bilar frå høgre som køyrer av gamal vane, og ikkje får med seg nye skilt og merking i vegen, seier Røyland i meldinga.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Menn på byen spør hvor mye Cechell (31) koster

  2. 17 turister ble stoppet på Stavanger lufthavn

  3. – Det gjør så vondt i hjertet at noen har gått så langt for å lage en falsk historie om meg

  4. For deg som ikke har all verdens tid: Her er ti korte turer med god utsikt

  5. Beruset mann stjal planter på Sola

  6. Hun brakte pizzaen til Norge for 50 år siden. Slik bygget de opp Peppes

  1. Statens vegvesen