No startar utbetringa av Dirdal - med sommarstenging

Eit år på overtid startar no utbetringa av den rasfarlege vegen i Dirdal. I sommar vert det stengde vegar.

  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Aftenbladet har fleire gongar skrive om den planlagde utbetringa av fylkesveg 45 i Dirdal. Planen er å utbetre vegen forbi Dirdal kai.

I byrjinga av februar i fjor varsla Statens vegvesen eitt års utsetting fordi vegen ville kome for nærme høgspentmastene.

Eit år har snart gått, og komande veke startar Statens vegvesen arbeidet med å legge om fylkesveg 45 i Dirdal. Det melder vegvesenet i ei pressemelding.

Sommarstengt veg

I sommar vert difor vegen stengt frå 20. mai til 20 august, seier prosjektleiar Bjarne Våge i Statens vegvesen til Aftenbladet.

Aftenbladet har tidlegare skrive om misnøye blant innbyggarane i Dirdal mot å stenge vegen.

Under eit folkemøte i Dirdalhallen i 2015 vart det mellom anna uttala følgjande:

— Næringslivet ser på dette som katastrofalt dersom denne vegen skal stengast i månadsvis, sa Arne Øvstebø i Øvstebø Eiendom.

Svaret frå vegvesenet har vore at det ikkje finnast noko alternativ til stenging.

Stengt veg innberer at all trafikk på fylkesveg 45 over fjellet til Sirdal, Hunnedalen, Dirdal og Frafjord må førebu seg på omkøyring via Gloppedalsura eller Tonstad.

Stengt i korte periodar

Våge presiserer at det ikkje vil vere stengt før mai, med unntak av korte perioder.

Trafikantar må likevel rekne med at vegen innimellom vil vere stengt, men ifølgje vegvesenet vil det ikkje vare lenger enn ein halvtime om gongen i tidsrommet måndag til torsdag.

Fartsgrensa i arbeidsområdet vert sett ned til 50 kilometer i timen.

– Vi ber trafikantar køyre forsiktig og ta omsyn, seier Våge.

Ifølgje Statens vegvesen startar arbeidet med å utvide Røyrdalstunnelen, før ein tek til med å bygge ny veg forbi rasfarleg ur.

Rasfarleg

Omlegginga av Dirdal er ein del av i alt 11 vegprosjekt som skal utbetre fylkesveg 45.

I Rogaland fylkeskommune si prosjektbeskriving heiter det at målet med utbetringa i Dirdal er å gjere noko med ei rasfarleg strekning med dårleg standard, og å få lagt fylkesvegen utanom Dirdal sentrum.

Publisert:
  1. Dirdal
  2. Statens vegvesen
  3. Rogaland fylkeskommune
  4. Trafikk
  5. Sirdal

Mest lest akkurat nå

  1. Rennfast: – Løftebrudd om bergingsbil

  2. Denne leverandøren har de minst fornøyde kundene

  3. Åpner grønne ferjekaier i Ryfylke

  4. Maria fikk nesten ikke puste da hun trente. Hun fikk diagnosen mange har, men få kjenner til.

  5. Hundvågtunnelen er åpen igjen

  6. Alle i Sandnes fikk uvanlig papiravis mandag