Slutt på stenging i Dirdal - i første omgang

Statens vegvesen melder at Fylkesveg 45 i Dirdal no er open etter perioder med halvtimesstenging og nattearbeid. I april starter neste omgang.

Her er pågår bygginga av den nye Røyrdalstunnelen. Biletet er tatt i mai 2015, før bygginga starta.
  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Bakgrunnen for arbeidet er at vegen skal gjerast tryggare og meir framkomeleg. Etter at det i ei periode har vore halvtimesstengingar og nattearbeid, vil vegen no vere open utan trafikkdirigering.

– Dei høgaste og vanskelegaste partia ved tunnelinngangane i Røyrdalstunnelen er no sikra, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Sjølv om bilistar no kan køyre gjennom anleggsområdet utan å stoppe, må dei ta omsyn til innsnevring i køyrefeltet på Oltedal- sida av tunnelen. Her har trafikantane frå Dirdal-sida forkøyrsrett.

Krever ny utredning i DirdalRaste mot vegstenging i Dirdal

Sommarstengt

Det er Kruse Smith AS som har fått jobben med å utvide Røyrdalstunnelen og legge om fylkesvegen i Dirdal. I april tek dei til på jobben, men denne gongen er det berre planlagt stenging om natta.

Frå 20. mai til 20. august er det varsla at vegen skal vere heilt stengt. Det innber at all trafikk på fylkesveg 45 over fjellet til Sirdal, Hunnedalen, Dirdal og Frafjord må førebu seg på omkøyring via Gloppedalsura eller Tonstad.

Krevjande

Våge seier arbeidet har vore meir krevande enn dei først hadde trudd.

– Sikringa har vore meir omfattande enn vi hadde grunn til å rekne med på førehand, så trafikantane har ein del gonger vore nøydt til å venta lenger enn 30 minutt som planlagt, seier prosjektleiaren.

Omlegginga av Dirdal er ein del av i alt elleve vegprosjekt som skal utbetre fylkesveg 45. I Rogaland fylkeskommune si prosjektbeskriving heiter det at målet med utbetringa i Dirdal er å gjere noko med ei rasfarleg strekning med dårleg standard, og å få lagt fylkesvegen utanom Dirdal sentrum.

Åpner for en løsning i DirdalSkulebuss i grøfta i Dirdal - to til sjukehusVeiarbeid i Dirdal skaper kø for hyttefolket
Publisert:
  1. Statens vegvesen
  2. Dirdal

Mest lest akkurat nå

  1. Nå stenger de Gamlingen igjen: – Veldig kjedelig

  2. Alle fikk korona­penger. Alle gikk med over­skudd. Bare én betalte tilbake

  3. – Min mørkeste dag som United-manager

  4. Politiet tror motor­sykkelen kjørte i bilen bak­fra

  5. Gabrielle: – Det var ingen­ting i meg som ville på byen da Norge åpnet

  6. Hun blir ny sjef i Kolumbus