Stenger fylkesveg 45 i Dirdal i fire netter

Vegen i Dirdal vert heilt stengd om nettene frå 5. til 10, mars. Vegen er stengd mellom klokka 23:00 og 06:00 i perioden.

Her er pågår bygginga av den nye Røyrdalstunnelen. Biletet er tatt i mai 2015, før bygginga starta.
  • Jørund Vatle Sandgren
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Fylkesveg 45 i Dirdal vert heilt stengd desse nettene, meldar Vegvesenet.

Dette er grunna at vegen skal leggast om. Første del av jobben er forskjeringane (fjellpartiet der tunnelen starter og slutter) på Røyrdalstunnelen.

Les også

Sprengningsuhell ved tunnel i Dirdal

Contexo AS har jobben. Det er ein krevjande jobb, med høge skjeringar og trafikk tvers gjennom anleggsområdet.

Les også

Ønsker lavere fartsgrense til Sirdal

Dette er traseen til den nye tunellen. Når vegen vert heilt stengd 22. mai og tre månadar fram, skal entrepenøren sørge for båttransport mellom Oltesvik og Dirdal i stengeperioden.

Fokus på tryggleik

Statens vegvesen og entreprenør Contexo AS gjer alt for at arbeidet skal gå mest mogleg knirkefritt. Det viktigaste er tryggleiken for trafikantane, samt dei som jobbar på anlegget.

Til no har vegen vore stengd på dagtid. Problemet med halvtimesstengingar på dagtid, er at entreprenøren så vidt rekk å få maskinar og utstyr på plass før dei må rigge ned igjen for å sleppe gjennom trafikk.

Les også

No startar utbetringa av Dirdal - med sommarstenging

Kritiske oppgåver

– Vi har fått lov til å stenge fylkesvegen i fire netter for å få gjort dei mest kritiske oppgåvene i høgda. Desse nettene må trafikantar køyre fylkesveg 503 Gloppedalen. Vegen kan også bli stengt på dagtid, men i maks ein halv time, seier byggeleiar Asle Granberg i Statens Vegvesen.

Vegvesenet er i gong med å betre framkomsten og gjere fylkesveg 45 i Dirdal tryggare. Fylkesveg 45 i Dirdal vert heilt stengd frå 22. mai i inntil tre månadar.

Publisert:
  1. Sirdal
  2. Dirdal
  3. Trafikk
  4. Statens vegvesen
  5. Vinterferie

Mest lest akkurat nå

  1. Gutt sto bak brann i barnehage

  2. Falsk kjæreste lurte åtte menn for 1,5 millioner kroner

  3. Det KrF trenger er ikke en partileder som beklager sine vurderinger, det er en skikkelig oppvask

  4. Høie ber kommunene bli ferdig med koronavaksinering før influensaen kommer

  5. Fylkesledelsen i Rogaland KrF har full tillit til Kjell Ingolf Ropstad

  6. Her er 22 navn som gjør Vikings akademi-sjef stolt