Kan ta tid før Boknafjorden får tre ferjer
Ifølgje Fjord1 kan det gå eit stykke inn i februar med berre to ferjer over Boknafjorden. Dei forhandlar no med Statens vegvesen om reserveferje.
Foto: Andreas Askildsen
- Birgitte FloteJournalist
Måndag opplyste Fjord1 at det grunna planlagd vedlikehald vil gå to ferjer mellom Mortavik og Arsvågen.
Fjord1 er i forhandlingar med Statens vegvesen om ei løysing for reserveferje på Boknafjorden. Dersom dette ikkje får fortgang, kan det ta tid før det vert tre ferjer att.
– Eit stykke ut i februar ser det ut til at det vert to ferjer på strekninga. Vi har tre ferjer som skal på lengre verkstadopphald. Det første varer eit par veker frå andre januar, seier regionsleiar i Fjord1, Tor Kristoffersen.
Uvisst når Boknafjorden får reserveferjeForhandling om reserveferje
30. november signerte Statens vegvesen og Fjord1 kontrakta for drift av sambandet Mortavika-Arsvågen i 2017 og 2018. Der er det ikkje krav om reserveferje, men aktørane forhandlar no om eit tillegg i kontrakta.
Med avtalen på plass, skal det alltid vere tre ferjer i trafikk over Boknafjorden, uavhengig av planlagde verkstadopphald.
– Det er vanskeleg å seie kor lang tid forhandlingane tek. Vi ser på løysingar og har fleire alternativ, men det er komplisert, seier Kristoffersen.
Heller ikkje Statens vegvesen ønskjer å uttale seg om kor lang tid det kan ta.
– Eg kan ikkje gi noko tidsperspektiv, men vi har ikkje ønskje om at dette skal bli ein langvarig prosess, uttala Anders Sæternes tysdag. Han er seksjonssjef for ferje- og forvaltningsseksjonen i Statens vegvesen.
- Hanasand skal bli ny beredskapskai når Mortavika er stengt. Men fortsatt er det en stund til den er klar.
Tre ferjer på verkstadopphald
Bakgrunnen for den reduserte ferjekapasiteten er det Fjord1 omtalar som «planlagt vedlikehald». Det er tre ferjer som etter tur og orden skal til verkstad.
I første omgang er det ferja MF «Fanafjord» som er ute. Den går vanlegvis i sambandet Halhjem-Sandvikvåg. Då den er vekke vert MF «Boknafjord», den største av gassferjene på strekninga Mortavika og Arsvågen, flytta til sambandet Halhjem-Sandvikvåg.
- Derfor går ferjemangelen alltid utover Mortavika-Arsvågen
Ifølgje Kristoffersen i Fjord1 er det framleis ikkje bestemt kva strekning som skal belastast ved dei forskjellege verkstadopphalda.
23. januar er det «Raunefjord» som står for tur. Også denne ferja går vanlegvis strekninga Halmhjem- Sandvikvåg.
Og 13. februar er det «Mastrafjord» som skal til verkstad. Den går strekninga Mortavika-Arsvågen.
Ferjekaia på Hanasand neppe klar i første halvårMortavika/Arsvågen: - Vi får 10.000 kroner i trekk for hver forsinkelse på 10 minMest lest akkurat nå
Tar opp kampen mot den enorme trafikkauken på Hoveveien
Eigersund dropper de lokale koronareglene
Gokart-fører utestengt i 15 år
- Sigbjørn har gått gjennom ufattelige lidelser. Det er rene torturen. De tiltalte bør få lovens strengeste straff
Dugnad i Randaberg ga seks nye smittetilfeller
Fredrik Skavlan gir seg som talkshow-vert