Trygg trafikk til ha «hjartesoner» rundt skulane

Vil merke opp hente- og bringeplassar eit par hundre meter frå skulegardane, slik at foreldre ikkje køyrer heilt til skulane.

Publisert: Publisert:

Ingrid Lea Mæland meiner ikkje alle foreldra treng å køyre borna sine heilt bort til skulen. Foto: Anders Minge / Arkivfoto

  • Jørund Vatle Sandgren
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

– Det må eigentleg ei haldningsendring til.

Ingrid Lea Mæland, distriktsleiar i Trygg Trafikk Rogaland, meiner at det ikkje alltid er naudsynt å køyre skuleborna frå dør til dør.

– Mens vi ventar på «gulldrysset» frå det offentlege til perfekt infrastruktur, må vi ha andre tiltak i mellomtida. Her prøver vi å rette tiltaka mot trafikantane, altså foreldra som sjåførar og elevane som fotgjengarar.

Les også

Trygg Trafikk vil ha alkolås i alle biler

Betre kommunikasjon

– Det er ofte sånn at det er dei foreldra og skulane som hylar høgast som får vilja si på utbetring av skulevegen. Foreldre har ofte stort engasjement rundt skulevegen.

Mæland fortel at Trygg Trafikk vil gå i spissen for å merke opp hente- og bringeplassar eit par hundre meter frå skulegarden, kalla «Hjartesone rundt skulen».

– Fysisk aktivitet er alltid viktig, og det å gå til skulen kvar dag kan gjere godt. Men for dei borna som må kjørast og hentast, anbefalar vi då denne «hjartesona» rundt skulen, så det ikkje er så mykje trafikk i området ved skulestart og skuleslutt.

Ho fortel og at Trygg Trafikk skal hjelpe foreldra å opprette kommunikasjon med kommunen når det gjeld vegar rundt skulane.

– Foreldra vert jo frustrerte om dei klagar og ikkje høyrer noko. Vi skal tilretteleggje for kommunikasjon mellom vegeigar, som oftast kommunen, og foreldra.

Les også

Fem nye forkjørsveier i Sandnes

Treng betre kartlegging

Mæland fortel og at det er vanskeleg å tilretteleggje for trygg trafikk på skulevegen, då det ikkje vert rapportert inn om borna skadar seg på skulevegen.

– Ein ordførar i ein kommune vil kunne seie kor mange elg som er skadeskote under elgjakta, men ikkje kor mange born som er skadd i trafikken langs skulevegen. Det er vanskeleg å gjere fysiske tiltak om ein ikkje har noko statistikk å gå etter.

Publisert:

Les også

  1. Kommentar: Ni av ti drepne i trafikken er menn

  1. Trygg Trafikk
  2. Trafikk
  3. Bil
  4. Skolevei
  5. Skole