Fyrstedame som tar Kina med storm

Ved Kinas mektigaste manns side står Peng Liyuan, også under G20- møtet i helga. I motsetning til den amerikanske fyrstedama Melania Trump er ho svært populær.

Publisert: Publisert:

Peng Liyuan er den fyrste aktive presidentfrua i Kina på 30 år. Foto: Marko Djurica / Reuters Scanpix

  • Ragnhild Sofie Selstø
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Som Melania Trump var også Kinas fyrstedame Peng Liyuan kjendis før ho blei presidentfrue. Og begge har eit politisk engasjement. Men der stopper likskapen.

«Mamma Peng»

Ein fyrstedame-feber sveipa over landet då Xi Jinping tiltredde som president i 2012. Xis kone fekk raskt tilnamnet Mamma Peng, blei samanlikna med Michelle Obama og Kate Middleton og blei hylla for sitt folkelege vesen.

Les også

Kinas president hevder Hongkong er friere enn noen gang

Fanklubbar med namn som «Landsmoderen» og «Lær frå Xi, elsk Yuan» dukka opp på sosiale media. I 2014 kom songen «Pappa Xi elskar mamma Peng» ut. Etter fem dagar var musikkvideoen sett over 20 millionar gonger. Artistane bak songen heidrar den kinesiske presidenten og førstedamas kjærleik til kvarandre, og syng at verda blir sterkare med ein kjærleik som den dei har.

Fyrstedame Peng Liyuan blir hylla for sin konservative klesstil. Her saman med USAs fyrstedame Melania Trump i Palm Beach i Florida i april 2017. Foto: Joe Skipper / Reuters Scanpix

«Han såg gammal ut»

Peng møtte Xi i 1986, då han var ordfører i kystbyen Xiamen. I ein artikkel som seinare blei sensurert skal Peng ha sagt at ho hadde eit dårleg fyrsteinntrykk av Xi. Han så «rustikk og gammal» ut og virka «usofistikert, men intelligent». Xi på den andre sida, seier han visste han skulle gifte seg med Peng berre ein time etter det fyrste møte.

Peng og Xi hadde også noko til felles. Under den kulturelle revolusjonen på 1960-talet blei fedrane deira forfølgt og uthengt for å vera kontrarevolusjonære.

I år feirar dei 30 års bryllaupsdag, og saman har dei dottera Xi Mingze.

Oppdaga i hæren

Då Peng og Xi møttes, var Peng allereie ein kjent folkesongar. Talentet hennar blei oppdaga i Folkets Frigjeringshær, kor ho meldte seg inn i som 18-åring. I hæren fekk ho til oppgåve å heve moralen med å synge patriotiske songar for soldatane. I 1983 framførte ho for første gong på CCTVs nyttårsgalla eit TV-program som blir sett av millionar av kinesarar under kinesiske nyttår. Sidan opptredde ho jamleg og opparbeida seg ein solid stjernestatus. Då Xi tiltredde som president gav ho opp songkarrieren. I stadet har ho følgt Xi på offentlege statsbesøk verda over, i tillegg til å drive eiget politisk engasjement.

Dei to møttes fyrste gongen i 1986. Foto: Wolfgang Kumm / AP-foto Scanpix

Sidan 2011 har ho vore goodwill-ambassadør for Verdas Helseorganisasjon, for å skape merksemd rundt hiv/aids og tuberkulose. I 2015 stod ho på FNs talestol i New York og snakka om jenter og utdanning. I motsetning til ektemannen som også var til stede, snakka Peng flytande engelsk.

Les også

EU-kilde: EU jobber for å få Liu Xiaobo til Europa

Nytt konsept

Konseptet fyrstedame er relativt nytt til Kina, og ikkje sidan Mao Zedongs tid har kinesiske presidentkoner hatt ein politisk rolle. Nokon lenker fråværet opp mot Maos berykta kone Jiang Qing, som blei dømt for å ha forfølgt kunstnarar under den kulturelle revolusjonen.

Sjølv om fyrstedama har ein kontroversiell bakgrunn, så har ho fleire fanklubbar på sosiale media i Kina. Foto: Joe Skipper / Reuters Scanpix

Også Peng har ein kontroversiell bakgrunn. Like etter hæren angreip studentane som demonstrerte på Tiananmen-plassen i juni 1989, stilte Peng opp i grøn militæruniform på plassen for å synge for soldatane. Biletet blei først publisert i Folkets Frigjeringshær sitt magasin i 1989 , og seinare delt på Weibo (kinesisk sosialt media, journ.anm). Myndigheitene fjerna biletet og sperra augeblikkeleg kontoen som spreidde biletet. Same år la også myndigheitene ned fanklubben «Landsmoderen», utan kjent grunn.

Klesstil

Likevel, eller kanskje nettopp difor, har Peng eit godt rykte i Kina. I følgje Wall Street Journal mjuknar Peng opp Xi Jinpings image, som er viktig i eit land kor det er meir og meir etterspørjing etter nytt frå statsleiaranes private liv.

Peng har også fått internasjonal anerkjenning for sin klesstil. «Mote med kinesisk karakteristikk» blir stilen hennar kalla for, og på statsbesøk møter ho ikledd konservative, men stilreine kjolar og drakter med mandarinkrage og tradisjonelle blomstermønster. Ein moteredaktør i den kinesiske avisa South China Morning Post skriv at Pengs motesans har sterk innflytelse på kinesisk «soft power», altså innflyting gjennom tilrekking framfor tvang.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Lyn og regn i Agder - Rogaland slipper unna

  2. Trafikkulykke i Hå. Manuell dirigering på stedet

  3. 40 ganger høyere risiko for korona-smitte hvis du reiser hit på ferie

  4. To Viking-spillere får kritikk etter sesongstarten

  5. Båt var ute av kontroll på Austre Åmøy - fører klarte ikke å stoppe

  6. SUS-ansatt ble betegnet som "støyete" av sine ledere

  1. Xi Jinping
  2. Melania Trump
  3. Kina