Trump trugar med å stikke kjeppar i eigne hjul

KOMMENTAR: Den amerikanske presidenten seier han er villig til å trekkje USA ut av WTO. Det er ein skikkeleg dårleg idé.

Publisert: Publisert:

Donald Trump i møte med den kinesiske leiaren Xi Jinping. Trump håpar at handelskrigen vil presse Kina til ein avtale. Foto: Damir Sagolj / X90027

  • Mikkjell Lønning
    Journalist

Tysdag var presidenten i USA, Donald Trump, ute med ei ny kraftutsegn. Trump trugar no med å melde USA ut av Verdas handelsorganisasjon (WTO), i kjølvatnet av motstand frå andre medlemsland. Handelskrigen til USA og Kina har fått krass kritikk i organisasjonen, og krigen er sjølvsagt langt frå innanfor retningslinjene til WTO.

Me veit godt at slike handelskrigar ikkje er særleg effektive, men Trump har tydelegvis ikkje tenkt å gi seg. Difor er det greitt å kikke litt på kva konsekvensar som vil kome av det han faktisk foreslår her.

Les også

KOMMENTAR: Handelskrig virker ikke »

Les også

Trump og brexit får skylden for økonomisk nedgang

Verdas handelsorganisasjon vart skipa i 1995, men har røter som strekk seg langt tilbake på 1900-talet. Etter andre verdskrig vart det gjort forsøk på å lage nettopp ein internasjonal handelsorganisasjon, men den politiske viljen mangla. Etter ein konferanse på Cuba i 1947, enda me likevel opp med handelsavtalen GATT: General Agreement on Trade and Tariffs.

Handelsliberalisering og overnasjonalitet

Via GATT har verda gradvis liberalisert internasjonal handel, gjennom sju ulike forhandlingsrundar. Uruguay-runden, som gjekk frå 1986 til 1994, førte fram til opprettinga av Verdas handelsorganisasjon – ein avtale som Trump har kalla «den desidert verste handelsavtala nokosinne».

Hovudmålet har heile vegen vore å byggje ned tollmurar mellom land. Ein kan seie mykje om WTO og effekten frihandel har på klimautslepp og fattige land, men det er liten tvil om at internasjonal frihandel har vore med på å auke velstand rundt i verda.

Les også

Verste dag på Wall Street så langt i år

Les også

Trump vil stanse «krigen mot energi»

Ein sentral tanke i WTO, er det som kallast bestevilkårsprinsippet. Dette seier at dersom land A får gunstige vilkår av land B, skal også land C og D få dei same vilkåra. Alle land får på dette viset lik behandling. Det seier seg sjølv at ein handelskrig, slik den USA og Kina driv med, bryt med dette.

For å regulere dette prinsippet, har WTO ein eigen tvisteløysingsmekanisme. Denne (DSB) er eit av få regulative organ i det internasjonale samfunnet som har verkeleg makt. DSB skal nemleg mekle mellom partar som bryt WTO sine retningslinjer, der land kan klage inn andre land. Dersom DSB kjem med eit vedtak, må alle medlemslanda i WTO stemme mot vedtaket for at det ikkje skal gå gjennom. Slik sett har DSB ein del overnasjonal myndigheit – noko som USA har vore flinke til å bruke til eigen fordel.

Bjørneteneste av dimensjonar

USA har vore primus motor i oppbygginga av GATT og WTO, både som misjonær for frihandel, men òg for å verne om eigne handelsrettar. Det er nemleg USA og EU som brukar DSB desidert mest, og dei har begge fått nyte godt av retten til å klage inn andre land for brot på WTO-reglar.

Difor er det at Trump no trugar med å trekkje seg ut, mildt sagt rart. I og med at dette strengt tatt går mest utover USA, er det her litt som å truge om å stikke kjeppar i eige hjul. Han vil gjere sitt eige land ei gigantisk bjørneteneste. Dette er heller ikkje første gong Trump kjem med trugsmål om å melde landet ut av WTO.

Les også

Trump kan ta strømmen hos Putin

Les også

Butikkjede fjerner voldelige spill, men ikke skytevåpen

Det som først og fremst skjer dersom USA går ut, er at landet vil tape enormt, då det å forlate WTO vil opne for massiv diskriminering av amerikansk forretningsliv. At andre land følgjer USA, er heller usannsynleg. USA står for ein stor del av verdshandelen, men det er lite anna enn eit tapsprosjekt for andre land å stå utfor WTO.

Tunge løft – saman

Internasjonalt samarbeid er ryggrada i det internasjonale samfunnet. Verda står ovanfor ein myriade av komplekse problem, og me kan berre løyse dei i fellesskap.

No som det er fleire internasjonale aktørar enn nokosinne, veks behovet for samarbeid dag for dag. Spesielt når det kjem til handel, er det nødvendig å jobbe saman for å hindre at me byggjer opp tollmurar. Toll kan vere lønsamt for enkelte land der og då, men med ein gong fleire land skrur opp tollmurane, vil alle tape på det.

Det at USA isolerer seg på den internasjonale arenaen, er slik sett urovekkande. Amerikanarane har vore med på å byggje opp den liberale verdsorden slik den ser ut i dag, heilt sidan andre verdskrig. Gjennom organisasjonar som FN, WTO, Verdsbanken, NATO og IMF har USA snakka fram internasjonalt samarbeid i snart hundre år. Dei har vore garantist for systemet, men er no i ferd med å trekkje seg tilbake.

Statsvitar Svein Melbye, skreiv for nokre år sidan ei bok om korleis USA si vilje til internasjonal dominans forvitrar. Spådomane hans verkar å bli meir og meir sanne. Spørsmålet er no om Kina etter kvart kjem til å ta over rolla som USA har hatt, og slik få makt til å omskape verda i sitt bilete. Dersom USA held fram slik Trump driv landet framover, kan det fort bli realiteten om nokre tiår.

Publisert:

Les også

  1. Trumps handelskrig rammer omtrent alle kinesiske varer

  2. Kina snuser på Norges pensjonssystem

  3. Drap, løgner, Trump og dataspel

  4. Fjernar Huawei-forbodet

Mest lest akkurat nå

  1. Etterlyser stjålet BMW i3 som kjøres av ruset 16-åring

  2. På vei til byen på hjemmelaget flåte

  3. Hvis du ikke holder tunga i rett munn, ender du fort i feil seng

  4. Rekdal har fått ny trenerjobb: – En naturlig utfordring

  5. Trafikk­ulykke på E 39 i Kvinesdal – seks personer til sykehus

  6. Kiter i god form etter uhell ved Ølberg­stranden

  1. WTO
  2. USA
  3. Trump
  4. Frihandel
  5. Kina