Her er det første møtet med Europa

Med piggtråd og bur har vi ønska flyktningar velkommen. Tynne telt, manglande vatn og bederva mat er baksida av det EU kallar ei vellykka løysing på flyktningkrisa.

TRE METER HØGE: Inni ein stor lagerhall sette greske styresmakter i desember opp bur for å halde dei nyankomne migrantane adskilt frå kvarandre under registreringa.
  • Øyvind Lefdal Eidsvik
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Dette bildet var det aldri meininga at nokon skulle sjå.

Opprinneleg var flyktningleiren ein fabrikk. Seinare eit avfallsanlegg. Dei siste månadane har to bur dominert innsida av den store lagerhallen i flyktningleiren Vial på Khios. Inne er det fotoforbod, og media har ikkje hatt adgang.

Leiren, rekna som ein av dei verste i Europa, blir driven av Hellas saman med EU.

Bura var tre meter høge og med piggtråd på toppen. Dei blei nyleg tatt ned etter klager frå organisasjonar og medieomtale i greske aviser.

Hit blei alle nyankomne migrantar til øya tatt med. Hensikten var å halde gruppa under kontroll etter kvart som dei blei registrerte. Ventetida var alt frå nokre timar til to dagar, avhengig av pågangen.

Som fangar

Nigerianske Sophie Emuze (20) sat der i ein dag.

– Vi blei behandla som fangar. Alle som kom samme dag, blei putta inn i buret, og henta ut for å bli registrerte og tatt fingeravtrykk av, seier ho.

Abdullah Alkiem (29) frå Syria var inne i hallen for asylintervju, og filma bura frå utsida. Han delte videoen på Facebook, for at folk skulle få sjå.

– Hundar blir behandla betre enn det der, seier Alkiem.

Fleire hjelpeorganisasjonar, inkludert FNs flyktningorganisasjon UNHCR og norske Flyktninghjelpen, har hatt tilgang.

– Det er vanskeleg å sjå nokon reell grunn til å sette folk i ein så uverdig situasjon. Sidan alle blei putta saman i buret, blei dei mest sårbare, som barn og offer for menneskehandel, potensielt sett saman med smuglarane, seier Ariane Migne, Flyktninghjelpens områdesjef på Khios.

EU har sjølv som uttalt mål å spreie menneskerettar og mennseskeverd. Dei greske mottaksstyresmaktene har ikkje besvart spørsmål om bura og om tilgang til leiren. Til greske Vice har dei tidlegare avvist at bura kan bli kalla bur.

I midten av mars blei først piggtråden fjerna. 24. mars blei også dei tre meter høge gjerda tatt bort, og erstatta av ei ny, flyttbar, ein meter høg innhegning.

Vassmangel

Gjennom ei veke i slutten av mars på dei to flyktningleirane på Khios har BT dokumentert korleis tilstanden er for dei som i dag i praksis er stranda på Khios.

TRE DUSJAR: 500 menn i Souda deler på tre dusjar. Det er hyppige problem med tette vaskar og toalett.

Over eit år er gått sidan den store flyktningstraumen gjennom Hellas stoppa opp. I dag er talet på menneskje som reiser i gummibåt frå Tyrkia til dei greske øyene, drypp i samanlikning.

Likevel har greske styresmakter og EU hatt store problem med å handtere dei som kjem.

Dei to flyktningleirane på øya, Vial og Souda, har hatt omfattande problem med basale forhold: Det manglar dagleg vatn, det er overbefolka, maten er i beste fall den same kvar dag, og er gjentatte gongar rapportert å ha vore bederva. Toalett er øydelagde, det manglar låsar på dører.

– Dei greske øyene, dit folk kjem frå Tyrkia, har ikkje mottatt nok støtte frå EU og styresmaktene i Aten, seier Barbara Colzi i UNHCR på øya.

LANG REISE: Sophie Emuze (20) bur med ein syrisk familie i Vial, rekna som ein av dei verste flyktningleirane til EU og Hellas.

Utfor Vial ser Sophie Emuze inn på rekka av kontainarar. Kvar husar ti personar. For tida er leiren 10-15 prosent overbefolka, ifølgje UNHCR.

– Det er mykje sjukdom, for vi bur så tett, seier Emuze. Ho er ein av i underkant av 2000 migrantar på Khios.

På piggtrådgjerdet rundt leiren heng klesvask til tørk i vårsola. Syriske barn spring ut og inn gjennom eit hol i gjerdet for å leike i olivenlunden på utsida. Synet av oliventrea opp mot fjellsida bak kunne du like godt sett i ei reisebrosjyre.

VIAL: Flyktningleiren Vial er bygd rundt ein gammal fabrikk og avfallsanlegg i fjellsida eit kvarters køyretur frå Khios by. Rundt tusen kan bu i leiren. Piggtråden er frå då leiren var eit lukka senter bebuarane ikkje fekk forlate. I dag er det opent, sjølv om styresmaktene har diskutert lukking igjen.

– Draumen er å komme til Aten og kunne få gå på skule. Det er så mykje eg har mista i livet mitt, seier Sophie Emuze.

EUs suksesshistorie

Det er eitt år sidan EU-landa og Tyrkia inngjekk avtala som drastisk reduserte den flyktningstraumen til dei greske øyene.

2017: Tala viser talet på nyankomne i 2017 til Hellas, fram til og med 6. april. Kjelde: UNHCR.

Avtala sørger for at Tyrkia skal stoppe migrantar frå å komme over dei få kilometrane med sjø til dei greske øyene. Og at dei som kjem, i utgangspunktet, skal bli returnerte.

EU har kalla avtala ei suksesshistorie, og er i full gang med å lage tilsvarande avtaler med andre land. Libya, som manglar ei sentral styresmakt, er blant dei.

– Vår omfattande, europeiske tilnærming innfor migrasjon viser positive resultat, sa EU-kommisjonens visepresident, Frans Timmermanns, i desember.

Andre er mindre optimistiske.

Både renomerte tenketankar og hjelpeorganisasjonar varslar om følgjene.

«Det EU ikkje nemner, er konsekvensane denne strategien har hatt for liv og helse for tusenvis av flyktningar, asylsøkjarar og migrantar fanga på greske øyer og på Balkan», skriv Legar utan grenser.

Ut mot havet

TELTTUR: Faouzi Mokni budde mange år som papirlaus i den franske parfymebyen Grasse, der han jobba på eit renseri. Sidan reiste han tilbake til Tunisia. No vil han igjen til Frankrike – ei reise som gjekk via Algerie, Tyrkia og Hellas.

Det er tredje dagen til tunisiske Faouzi Mokni i Hellas. I Souda har han fått soveplass i eit telt han deler med to andre. Leiren er full, så 20–30 telt står på steinstranda utfor. Telta blir dekka av presenning tynga ned med stein. I dag har fått utdelt eit lite solcellepanel, slik at dei kan lade mobilane.

Mokni viser rundt i leiren. Til dei tette vaskane og tre rustne dusjar rundt 500 menn deler på. Han ønsker ikkje å framstå som utakknemlig, seier han, men hevdar at tilhøva fører til nye problem, som aggresjon, sjukdom og depresjon.

Ifølgje UNHCR har det vore fleire tilfelle med sjølvmord på Khios. Seinast 30. april helte ein syrisk mann bensin over seg mens han krevde å få snakke med sjefen for leiren.

Då ei vakt overrumpla han i eit forsøk å ta lighteren, tente 29-åringen på. Mannen døydde på sjukehuset.

Magekjensla til Barbara Colzi i UNHCR tilseier at det er fleire som har psykiske lidingar blant migrantane på Khios enn ved andre, tilsvarande situasjonar.

– Avtala mellom EU og Tyrkia gjorde at mange blei sittande i ein fastlåst situasjon. Det har skapt mykje frustrasjon. Folk har ingen idé om dei blir verande ei veke eller eit år, seier Colzi.

Trudde ansvaret blei overtatt

– Vi er gløymd av både EU og Aten. Situasjonen er uholdbar, seier Giorgos Karamanis.

SER MØRKT PÅ DET: Då avtala med Tyrkia kom i stand, tenkte varaordførar Giorgos Karamanis på Khios at EU var i ferd med å få kontroll på flyktningsituasjonen som hadde sett øya på hovudet. Eitt år etter trur han at både Brussel og Aten har gløymt folket på øya.

Lokalpolitikaren blei sett til å vere viseordfører for migrasjon på Khios då det storma som verst i 2015. Han deler eit mørkt kontor med viseordføraren for turisme.

Det er lite tvil om kven som har hatt mest å gjere siste halvanna året.

Kommunen driv flyktningleiren Souda. Karamanis meiner leiren er grei om folk skal bu der ein dag eller to, slik det var i starten av flyktningkrisa.

– Men den er fullstendig ueigna å bu lenge i. Vi starta den då titusenvis kom og flyktningane sov i parken. I fjor trudde trudde vi at EU var i ferd med å få kontroll på situasjonen, seier Karamanis.

UMOGELEG: Opprinneleg var flyktningleiren meint for heilt kortvarige opphald. I staden er det no bustad for folk i månadsvis. At leiren står på arkeologisk grunn, gjer meir enn overflatiske forbetringar i praksis umogleg.

Med avtalen var Khios førespegla at migrantane ville bli tatt hand om på det greske fastlandet. I staden er dei fleste stranda i månadsvis. Den anspente situasjonen mellom EU og Tyrkia gjer det usikkert kva som vil skje.

Offisielt har øya vedtatt å stenge ned Souda. Talet på migrantar har gjort nedstenginga umogleg.

- Vi må innsjå at det vil vere migrantar her i overskueleg framtid.

Mjølkeruta

Det er ein sein ettermiddag i Souda. Leiren er spesiell blant øyene, plassert som den er midt i Khios by. Før var det ein parkeringsplass. No er telt pressa inn i den tynne passasjen mellom den gamle borga i byen og greske bustadar.

SOUDA: Khios husar to store flyktningleirar. Souda, midt i bykjernen, ligg pressa inn mellom byens middelalderborg og eit bustadområde. Rundt 800 bur i leiren, som er så full at over 100 søv i småtelt på steinstrander utfor sjølve leiren.

På stranda ved sidan av borga kastar barna til Ali Alkhudr (38) fiskesprett i retning Tyrkia. Nokre frivillige i ein av hjelpeorganisasjonane kjem køyrande med mjølk. Alkhudr oppdagar kva som skjer. Han hiv seg inn i køa for å sikre mjølk til ungane, særleg til minstebarnet, ni månadar gamle Omar.

Den 38 år gamle faren ser ti år eldre ut enn han er. Han brukte å vere sveiser i Idlib før krigen gjorde at dei flykta for 12 månader sidan.

For fire månadar sidan kryssa han sjøen i ein av dei mange gummibåtane. Sidan, for ni dagar sidan, kom kona Amal og ungane over. Då hadde dei forsøkt å krysse sundet fire gongar før dei klarte det.

Fleire forsøk er vanleg, for i sundet patruljerer skip frå både Tyrkia, Hellas og andre Nato-land. Tyrkarane sleper gummibåtane tilbake til Tyrkia. I gummibåtane forsøker migrantane å vere usynlege for dei tyrkiske båtane, og å komme seg over i gresk farvatn. Nokre tar seg inn til land for eiga maskin, dei fleste blir oppdaga av greske skip på morgonkvisten, og taua inn til land.

Den siste tida, samstundes som stemninga mellom EU og Tyrkia er blitt meir spent, har fleire klart å ta seg over. Om det er tilfeldig eller ikkje, veit ingen.

I TELTET: Familien Alkhudr frå Idlib i Syria har fått sitt eige telt i leiren Souda. Ali (38) kom i forkant. Sidan kom barna Reham (6), Randa (12), Omar (9 månadar) og Nada (3). Kona Amal ønskte ikkje å bli tatt bilde av.

Familien Alkhudr, med far, mor og sju barn, har sitt eige telt midt i flyktningleiren. Noko brød dei har tatt vare på, heng i ein pose på veggen.

– Så ikkje mus og rotter skal ta det, seier kona Amal.

Sjølv om livet i leiren er hardt, håpar familien at dei ikkje blir sendt tilbake til Tyrkia, når enn det skulle skje.

– Å vere i Tyrkia er ikkje noko liv. Barna mine vil ikkje kunne gå på skule. Syria ser eg ikkje for meg når det er mogleg å komme tilbake til. Familien min vil helst til Canada.

– Kvifor?

– Fordi det er så langt unna Syria.

Denne artikkelen er del av ein serie om Europas handtering av sine grenseområder.

Serien er støtta av stiftinga Fritt Ord.

Publisert: