Verdas lengste ørkenmotorveg har opna i Kina
Til saman er motorvegen 2768 kilometer lang og koplar saman Beijing med provinshovudstaden Ürümqi i vest-Kina. Vegen er ein del av Xi Jinpings gigantprosjekt eitt belte, éin veg.
Dette bilete frå 14. juli i år viser motorvegen G7 ved byen Bayan Nur i nordlege Indre Mongolia, ikkje langt i frå der ørkenvegen møter motorvegen G6 som går inn til hovudstaden Beijing. Foto: Scanpix / SIPA USA
15. juli opna dei siste delane av motorvegen som har fått namnet G7. Den skal ha kosta rett over 44 milliardar kroner.
Bilturen gjennom ingenmannsland tilbyr ei unik oppleving. I den kinesiske provinsen Indre Mongolia strekker vegen seg 930 kilometer gjennom den folketomme og knusktørre Badain Jaran-ørkenen. Nær grensa til Mongolia møter den motorvegen G6 som kjem i sør frå Tibet og går inn til hovudstaden Beijing.
I slutten av 2016 hadde Kina 131.000 kilometer motorveg i bruk, som utgjer verdas største nettverk av motorveg. USA ligg på andre plass med 77.017 kilometer, mens Norge for tre år sidan målte 407 kilometer.
Foto: Aftenbladet/Statens kartverk
Billion-prosjekt
G7 startar i Ürümqi, hovudstaden i den autonome provinsen Xinjiang. Xinjiang deler landegrenser med blant anna Pakistan, Kazakhstan, India, Russland og Mongolia, og er eit viktig knytepunkt for handel til resten av regionen.
I år har Xinjiang-provinsen investert over 200 milliardar kroner i utbygging av nye veger. Det er ein seksdobling av fjorårets budsjett.
I tillegg blir rundt 15 milliardar kroner lagt av til utbygging av jernbaner og flytransport.
Xinjiang dekker ein sjettedel av Kinas territorium, men berre 60 prosent av provinsens byer og landsbygder er knyta opp mot motorveger. Målet er å ha eit 82.300 kilometer langt motorvegnett i Xinjiang innan år 2020.
– Etter det planlagde motorvegnettet er ferdig, kan logistikk-kostnadar bli redusert med 30 prosent, seier direktør for Xinjiangs kommisjon for utvikling og reform, Zhang Chunlin til China Daily.
Storsatsinga på infrastrukturen i Xinjiang-provinsen er ein del av president Xi Jinpings gigantprosjekt eitt belte, éin veg.
Knytepunkt for handel
Xi Jinping lanserte eitt belte, éin veg i september 2013, og er det største infrastruktur-prosjektet verda aldri har sett maken til. Prosjektet går ut på å lage nye veger der den gamle Silkevegen gjekk (sjå faktaboks) - berre større.
I mai inviterte Xi Jinping blant anna Vladimir Putin til eit to-dagars forum for å feire gigantprosjektet hans, ’eitt belte, éin veg’. Foto: Lintao Zhang / TT / NTB Scanpix
Den nye infrastrukturen skal kople saman land over heile verda og lage ein massiv økonomisk sone.
‘Beltet’ består av fleire korridorar som skal knyte Kina med Europa, via Sentral-Asia og Midtøsten. Ein sjøveg frå sør i Kina skal kople landet til Afrika og Middelhavet.
I følgje Financial Times er det planlagt å bruke svimlande 7258 milliardar kroner på prosjektet. Det er nesten sju gonger meir enn den norske stats utgifter i fjor.
Påbegynt
Eitt belte, éin veg-prosjektet handlar om mykje meir enn transport. Infrastrukturen skal opne opp og lage nye marknader for kinesisk gods, gi eit løft til den økonomiske veksten i Asia og gi Kina meir internasjonal innflytelse.
Kina og Tysklands vennskap truer USA
I følgje det statleg eigde nyheitsbyrået Xinhua er det fleire påbegynte bygningsprosjekt. I Sri Lankas hovudstad Colombo bygger kineserne ei hamn, og jernbaner blir lagt mellom Kina og Laos og Kina og Thailand. I tillegg blir det lagd ei ekspressrute for tog-cargo mellom Kina og Europa.
The Guardian skriv at Kasakhstan har investert i eit høghastighets-togsystem, bygd av kinesarane. Kinesarane har allereie bygd høghastighets-togrute mellom Nairobi og Mombasa som opna tidlegare i år.
Det er også planlagt ei opning av ei 50 kilometer lang bru mellom Hongkong, Macao og kystbyen Zhuhai på fastlandet.
– Prosjektet er fortsett veldig nytt, og det er for tidleg å seie om det er ein suksess eller fiasko, seier Peter Cai til The Guardian. Han har nyleg publisert ein rapport om prosjektet.
FÅ OGSÅ MED DEG:
Mest lest akkurat nå
Sandnes Ulf best etter uavgjort mot Viking
Konrad (17) skal opereres i Thailand - drømmer om å gå igjen
«Exit» flyttet inn i ekteparets hjem. Her er deres ti tips for å bygge drømmehuset
Marerittuker for Viking: To spillere røk korsbåndet
Hvorfor står det kroatiske firmabiler utenfor et hotell på Lura?
Fredag skal hun legge en plan for massetesting av opptil 17.500 ungdommer