Der kapitalismen er norsk

Norske investeringar i Baltikum aukar kraftig.

Publisert: Publisert:

Lene Grønvold i det norske handelskammeret vil gjerne ha fleire norske bedrifter til Latvia. Foto: Fredrik Refvem

  • Tom Hetland
    Politisk kommentator
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Norske investeringer i Latvia.pdf

Ingen utanlandsk by har eit så "norsk" gatebilde som den latviske hovudstaden Riga. Overalt ser du Narvesen-kioskar, DNB-minibankar og Statoil-stasjonar. Dei mange Rimi-butikkane er rett nok ikkje lenger norske, men dei er resultat av at Stein Erik Hagen tidleg etablerte seg i Latvia. Det same gjorde Varner-gruppen med Dressmann og Cubus, men dei har nå trekt seg ut.

Artikkelen held fram under illustrasjonen.

ecsImg9955d404-e578-483a-b6fd-1f2beaf8ebb0-7610612342673461464.jpg

Det er likevel nok av andre som vil inn. I 2012 var det 329 registrerte selskap med norsk kapital i Latvia, 195 av dei aktive. Dei norske investeringane er i kraftig vekst. Bildet er det same også i dei andre baltiske landa, Estland og Litauen. Utviklinga skjer med velsigning frå norske styresmakter. Innovasjon Norge har eit eige program for å støtta bedrifter som vil etablera seg i Baltikum.Billeg, men kompetent arbeidskraft lokkar. Arbeidslønningane er på ein femtedel av dei norske. Eit nytt trekk i bildet er at norske selskap, som DNB og it-selskapet Evry, har oppretta servicesenter bemanna av norsktalande latviarar og retta mot den norske marknaden. Norske selskap investerer også i aukande grad i industriproduksjon, for eksempel i maritim sektor.

– Latviarar flest opplever det som attraktivt å jobba i norske bedrifter, seier Lene Grønvold, direktør for det norske handelskammeret i Riga.

Arbeidskulturen i Latvia er prega av ein meir autoritær leiarstil, frykt for å gjera feil og eit kortare tidsperspektiv enn hos oss. Men det endrar seg, og det er stor forskjell mellom folk under 40 og dei som er eldre.

– Det skjer noko heile tida her. Latvia er ein stad der du framleis kan realisera store prosjekt, seier Grønvold.

Korrupsjon og kriminalitet oppfattar ho ikkje som noko stort problem, men rettssystemet har ennå eit stykke å gå:

– Det er ikkje sikkert du får rett, sjølv om du har rett, seier Grønvold.

Ein god del av pengane som Norge gir til dei baltiske landa via EØS-midlane går til frivillige organisasjonar og andre som jobbar for eit meir gjennomsiktig samfunn og større samfunnsansvar i bedriftene. Organisasjonen Re:Baltica, som driv med undersøkande journalistikk, får også norsk støtte.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Oppfordrer til Halloween-feiring for de minste barna

  2. Sykefraværet gikk ned, men ikke nok. Nå får de en sjanse til

  3. Gutt påkjørt på Bryne

  4. Klar melding til egen minister: Grav ut Domkirken!

  5. To nye smittetilfeller i Sandnes onsdag

  6. Silje fikk topp­karakterer og er ingeniør. Nå jobber hun i kles­butikk