I kø for å læra om Norge

10.000 latviarar kan norsk. 160 norske forfattarar er utgitt på latvisk.

Publisert: Publisert:
  • Tom Hetland
    Politisk kommentator
iconDenne artikkelen er over seks år gammel
Les også

Der kapitalismen er norsk

To og to kastar jentene seg over rollespelet: Lag eit opplegg for å starta restaurant i Norge.Diskusjonen går ivrig på norsk. Dei satsar på ulike konsept. Anna Uskova og Jelena Mihlukova vil hyra inn ein kjendiskokk og servera gourmetmat i øvre prisklasse i Oslo. Lilita Jakobsone og Daiga Kalnina har meir tru på baltiske gjestearbeidarar som målgruppe:

– Rimelege prisar og store porsjonar, og personale i latviske nasjonaldrakter. Og restauranten skal vera på Hamar!

Tore Thun har motiverte studentar. Anna Uskova (t.v.) og Jelena Mihlukova går på kveldskurs og har planar om å dra til Norge. Foto: Fredrik Refvem

Lærar Tore Thun lyttar og rettar på dei største feila. Sosialantropologen frå Stavanger snubla meir eller mindre tilfeldig over språklærarjobben i Riga, men liker seg godt.– Det er uhyre motiverte elevar. Ingen problem med bråk i klassen her, konstaterer Thun.

Vil til Norge

Jelena Mihlukova har både personlege og profesjonelle grunnar til å perfeksjonera norsken. Den unge økonomen har jobba i DNB i Riga og har fått norsk kjærast. Paret har planar om å flytta til Norge til sommaren, og då vil Jelena ut på den norske jobbmarknaden. Dei andre studentane vurderer også å dra til Norge, eller kanskje ta seg jobb i eit av dei stadig fleire norske selskapa som etablerer seg i Latvia.

Tore Thun arbeider for SIA Nordisk, eit privat firma som driv undervisning i nordiske språk, i tillegg til forlag og kulturformidling. Dei små klasseromma har namn som "Hakkebakkeskogen" og "Villa Villerkulla".

Det blir også undervist i norsk på universitetet og kulturakademiet i Riga. I tillegg er det eit nordisk gymnas i byen, der eitt av dei nordiske språka er obligatorisk.

Lik mentalitet

Snorre Karkkonen Svensson, eigar av SIA Nordisk, har vore ein sentral person i norskmiljøet i Riga dei siste 15 åra. Erfaringane sine har han også brukt i eit doktorgradsprosjekt om norsk som andrespråk ved Universitetet i Bergen.

Snorre Karkkonen Svensson er ein krumtapp i norskopplæringsmiljøet i Riga. Foto: Fredrik Refvem

Svensson anslår at om lag 10.000 latviarar kan norsk. Det er mykje i eit land med to millionar innbyggjarar. I tillegg til dei som har studert norsk i Latvia, er det mange latviske arbeidsinnvandrarar som har plukka opp større eller mindre delar av språket i Norge. Det same er tilfelle i Litauen, der SIA Nordisk nå er i gang med å etablera seg.Forutan kveldskursa for individuelle studentar har firmaet større, intensive kurs for norske bedriftskundar med latviske medarbeidarar. Det er også eit eige program for latviske sjukepleiarar som skal jobba på norske sjukehus.

Sjølv om motivasjonen for å læra seg norsk nok i dei fleste tilfelle er materiell, er det også ei kulturell interesse for Norge og Norden i Latvia som går langt tilbake i tid, men som fekk ei ny oppblomstring då Latvia vart uavhengig att i 1991. Latviarane føler seg nær Norden i mentalitet.

– Det første utanlandske teaterstykket som vart omsett til latvisk var faktisk "Jeppe på Bjerget" av Ludvig Holberg. Det skjedde i 1790, og blir rekna som opphavet til den profesjonelle teatertradisjonen i Latvia, fortel Svensson.

Einsidig

Dei store norske klassikarane som Henrik Ibsen, Knut Hamsun og Sigrid Undset er velkjende i Latvia, men nyare forfattarar som Kjell Askildsen og Erlend Loe har også eit publikum.

Svensson synest det er eit tankekors at denne interessa i så liten grad blir gjengjeldt:

– Om lag 160 norske forfattarar er omsette til latvisk, berre seks den andre vegen. I Oslo har det knapt vore ein latvisk student sidan 1990-talet.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Oppfordrer til Halloween-feiring for de minste barna

  2. Sykefraværet gikk ned, men ikke nok. Nå får de en sjanse til

  3. Silje fikk topp­karakterer og er ingeniør. Nå jobber hun i kles­butikk

  4. To nye smittetilfeller i Sandnes onsdag

  5. Klar melding til egen minister: Grav ut Domkirken!

  6. Gutt påkjørt på Bryne